No nærmar kretsbannerkonkurransen seg med stormskritt, og denne gongen skal 1. Leirvik og Meling arrangere konkurransen. Den skal vere her på Stord, i Sponavikjo. I kretskonkurransen konkurrerer patruljar i øvingar som til dømes orientering, matlaging, praktiske oppgåver og førstehjelp. Dei beste kvalifiserer seg til NM i speiding, men konkurransen handlar like mykje om å være på tur ei heil helg saman med speidarar frå heile kretsen. Sidan konkurransen er her på Stord, treng me ikkje noko felles køyring til å frå. I løpet av dei neste møta vil me førebu oss og pakke fellesutstyr som lavvo og utstyrskassen. Les meir
Tag Archives: kretskonkurranse
Kretsbannerkonkurransen 2017 stifinnar/vandrar
1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretsbannerkonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Lier, ved Førde i Sveio.
På kretsbannerkonkurransen konkurrerer speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellige øvingar over to dagar. Sidan konkurransane startar tidleg laurdag, reiser me inn allereie på fredag. Dei tre beste patruljane vert kvalifiserte for deltaking i NM i speiding.
Kretskonkurranse småspeidar 2017
1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretskonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Lier i Sveio.
Konkurransedagen er sundag, men me tek med småspeidarane frå laurdag og overnattar i telt. Les meir
Kretskonkurransen 2016 stifinnar/vandrar
1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretsbannerkonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Sandbekken i Tysvær.
På kretsbannerkonkurransen konkurrerer speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellige øvingar over to dagar. Sidan konkurransane startar tidleg laurdag, reiser me inn allereie på fredag. Dei tre beste patruljane vert kvalifiserte for deltaking i NM i speiding.
Tid: Fredag-sundag 22.-24. april
Stad: Sandbekken i Tysvær. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Ta av frå E39 eit stykke sør for Aksdal. Følg skilta mot Sandbekken (severdigheit) innover nokre kilometer på bygdevegane.
Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 18.00.
Avslutning: På Sandbekken, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 16.
Pris: 200 kr. Dette dekkjer mat og deltaking i konkurransen.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, speidarskjorte, sjal, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.
Mat: Gruppa tek med mat til alle. Ta med litt lommepengar til kiosken om du vil.
Spørsmål: Ring Helga (99292101) eller Gaute (99629244).
Flott innsats i kretskonkurransen
Me gjorde det godt i kretskonkurransen i helga. Oter sikra seg kretsbanneret igjen med andreplass totalt, best i Ryvarden. Lama tok tredjeplassen. Begge patruljane er difor kvalifiserte til NM i juni.
Rev vann stifinnarkonkurransen. Småspeidarane i Ulv kom på andre plass i sin klasse. Super innsats som vanleg, der altså.
Kretsbannerkonkurranse stifinnar/vandrar
1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretsbannerkonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på kretsens leirplass, Lier i Sveio.
På kretsbannerkonkurransen konkurrerer speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellige øvingar over to dagar. Sidan konkurransane startar tidleg laurdag, reiser me i år inn allereie på fredag. Dei tre beste patruljane vert kvalifiserte for deltaking i NM i speiding.
Småspeidarane har rundløype på sundagen, med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.
Tid: Fredag-sundag 24.-26. april
Stad: Lier i Sveio. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Følg E39 til Førde kyrkje i Sveio. Ta av mot Ervik, følg vegen 2-3 km og ta av mot Lier (grusveg).
Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 18.00.
Avslutning: På Lier, ca kl 15 sundag. Tilbake på Naustet ca kl 16.
Pris: 150 kr. Dette dekkjer mat og deltaking i konkurransen.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.
Mat: Patruljane tek med mat sjølv.
Påmelding: Innan torsdag 9. april til Helga (99292101) eller Gaute (99629244). Det er bindande påmelding, sidan me må betala deltakaravgift til kretsen.
Spørsmål: Ring Helga (99292101) eller Gaute (99629244).
Kretsbannerkonkurranse småspeidar
1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretskonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på kretsens leirplass, Lier i Sveio.
På kretsbannerkonkurransen konkurrerer patruljane mot kvarandre i ei rundløype. Det er postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.
Tid: Sundag 26. april.
Stad: Lier i Sveio.
Frammøte: Speidarnaustet, sundag kl 09.00. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Følg E39 til Førde kyrkje i Sveio. Ta av mot Ervik, følg vegen 2-3 km og ta av mot Lier (grusveg).
Avslutning: På Lier, ca kl 15 sundag. Tilbake på Naustet ca kl 16.
Pris: Turen er gratis.
Utstyr: Ta med/på deg klede til å vera ute heile dagen.
Mat: Ta med matpakke. Det er kiosk på kretsbannerkonkurransen med snop, pølser, is og brus. Ta med nokre kroner om du vil snopa litt.
Alle må ha med niste uansett!
Påmelding: Innan torsdag 9. april til Helga (99292101) eller Gaute (99629244).
Spørsmål: Ring Helga (99292101) eller Gaute (99629244).
Sterk innsats i kretskonkurransen
Då er kretskonkurransen 2014 over. Oppgåvene laurdag og sundag sette speidarane på mange slags prøvar. Mellom anna måtte dei konstruera ein stol, spleisa tau og framføra påskebodskapen som skodespel.
Småspeidarane deltok med to patruljar som gjekk ei rundløype på sundag.

Lama tok førsteplassen i kretskonkurransen for stifinnarar 2014. Sterkt gjort, for to av lamaane låg sjuke heime.

Oter vann kretskonkurransen for vandrarar 2014. Dei var fem, men to måtte reisa heim litt tidlegare.
Oter og Lama får delta i NM i juni.
Ny kretskonkurransetriumf
Lynulvane tok heim ulven i år igjen som vinnarar av småspeidarkonkurransen.
Lama vann stifinnarkonkurransen. Dessutan klarte dei fjerdeplass totalt, og er dermed kvalifiserte for NM i speiding! Det er imponerande, det, i konkurranse med dei eldre vandrarane. NM i speiding er i år 7.–9. juni i Røyken i Buskerud.
Kretsbannerkonkurranse og påskemøte
Påskemøtet tysdag 19. mars blir på golfbanen i Prestegardsskogen. Me skal spela minigolf. Oppmøte til vanleg tid.
Kretsbannerkonkurransen er på Lier i Sveio 13.–14. april. Ta med påmeldingslapp på påskemøtet.