1. Leirvik speidargruppe

Kretskonkurranse småspeidar 2017

Kommenter innlegget

1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretskonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Lier i Sveio.

Konkurransedagen er sundag, men me tek med småspeidarane frå laurdag og overnattar i telt.

På kretskonkurransen konkurrerer patruljane mot kvarandre i ei rundløype. Det er postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.

 

Tid: Laurdag–sundag 22.–23. april.

Stad: Lier i Sveio. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Ta av frå E39, mot Erve, ved Førde kyrkje. Følg skilta mot Lier videre, ca 2-3 km.

Frammøte: Speidarnaustet, laurdag kl 14.00. 

Avslutning: På Lier, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 15:30.

Pris: 100 kr. Dette dekkjer mat og deltaking i konkurransen.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, speidarskjorte og sjal om du har, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, lommelykt.

Mat: Gruppa tek med mat til alle. Ta med litt lommepengar til kiosken om du vil.

Påmelding: Innan tysdag 4. april til Helga eller Gaute. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyre frå / til, eller ikkje kan køyre.

Spørsmål: Ring Helga (99292101) eller Gaute (99629244).

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s