1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretsbannerkonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Lier, ved Førde i Sveio.
På kretsbannerkonkurransen konkurrerer speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellige øvingar over to dagar. Sidan konkurransane startar tidleg laurdag, reiser me inn allereie på fredag. Dei tre beste patruljane vert kvalifiserte for deltaking i NM i speiding.
Tid: Fredag-sundag 21.-23. april
Stad: Lier i Sveio. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Ta av frå E39, mot Erve, ved Førde kyrkje. Følg skilta mot Lier videre, ca 2-3 km.
Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 18.00.
Avslutning: På Lier, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta, må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 15.30.
Pris: 200 kr. Dette dekkjer mat og deltaking i konkurransen.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, speidarskjorte, sjal, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.
Mat: Gruppa tek med mat til alle. Ta med litt lommepengar til kiosken om du vil.
Påmelding: Innan tysdag 4. april til Helga eller Gaute. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyre frå / til, eller ikkje kan køyre.
Spørsmål: Ring Helga (99292101) eller Gaute (99629244).