Det vert avslutningstur for 1. Leirvik, denne gangen dreg me til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet. Turen er for alle aldersgruppene.
Overnatting vert innandørs, men me skal òg vera ute, så ta med klær og utstyr som passar til dette.
Me skal gå frå kraftstasjonen og opp til hytta, så pakk i ryggsekk, slik at du kan bæra bagasjen din sjølv. Det er viktig å ha på seg vatntette sko, enten høge fjellsko eller støvlar, sidan me må over myra for å komme oss til hytta.
Tid: Fredag 02. juni til laurdag 03. juni.
Stad: Sævarbu, Stordafjellet (på Nedra Heio)
Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, fredag, kl 17.00
Avslutning: Samme stad som frammøte, laurdag kl 16.00
Pris: 150 kroner. Dette dekkar all mat.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, drikkeflakse kan vera kjekt å ha.
Mat: Leiarane kjøper inn middag/kvelds til fredag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst.
(maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga på tlf 99 29 21 01 seinast tysdag 30. mai. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.
Spørsmål: Ring Helga om det er noko