1. Leirvik speidargruppe

Informasjon om NM

Kommenter innlegget

Logo-NM2017-for-web.pngRev og Lama reiser til NM i speiding, denne gongen i Elverum. Alle som skal vera med må møte opp mellom kl 08.00 og 08.15, sånn at me effektivt kan pakke bagasjen inn i Øystein sin bil. Minibussen som speidarane skal sitta på i køyrer kl 08.30 (eller før, om alt er klart).

Ta med ein liten sekk med alt du treng for bussturen. Turen tar ca 9 timar ein veg, og det vil bli pausar. Me kan tidlegast køyra kl 16 på sundag. Me vil senda sms e.l. når me veit nøyaktig kva tid me er heime att.

Hugs å fylle ut helsekortet, og lever det til Anne Merete på fredag.

Anne Merete og Hildegunn er reiseleiarar, medan Helga kjem fram til Elverum fredag kveld.  Anne Merete kjem til å køyra Øystein sin bil.

 

Om ein vil følgja med på NM i speiding, så er det både ei Facebook-side og eit arrangement på Facebook som dekkar det som skjer i helga. Heimesida til NM i speiding har all informasjon ein treng om NM, og den plar òg å bli oppdatert gjennom helga ☺

Det plar vera kiosk på NM der ein kan kjøpa litt snop og brus, samt NM-effektar som t-skjorter. Speidarsport plar òg ha butikk på NM. Så om det noko ein vil kjøpe der, så ta med lommepengar.

 

Tid:     Fredag 09. juni til sundag 11. juni.

Stad: Norsk Skogmuseum (Solørveien 151, 2407 Elverum)

Frammøte: Parkeringsplassen ved Albert E Olsen, fredag, kl 08.00-08.15

Avslutning: Samme stad som frammøte, sundag (natt til mondag) ca kl 01.00

Pris: 300 kroner. Dette dekkar mat på NM og transport til og frå.

Utstyr: Det vanlege ein har med på tur. Sjå vedlegg for meir info om utstyr.

Mat: Speidarane får all maten dei treng på NM. Ta med niste for bussturen til og frå.
Lommepengar i tilfelle me stoppar ved ei vegkro kan og vera lurt ☺

Spørsmål: Ring Helga (99 29 21 01) eller Anne Merete (98 85 11 09) om det er noko.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s