1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

God NM-innsats

Rev hadde ein super tur til NM i speiding på Nøtterøy. I konkurranse med 120 av dei beste patruljane i Noreg klarte Rev ein flott 30.-plass. Her er bilete frå helga.


Kommenter innlegget

Informasjon om NM

Logo-NM2017-for-web.pngRev og Lama reiser til NM i speiding, denne gongen i Elverum. Alle som skal vera med må møte opp mellom kl 08.00 og 08.15, sånn at me effektivt kan pakke bagasjen inn i Øystein sin bil. Minibussen som speidarane skal sitta på i køyrer kl 08.30 (eller før, om alt er klart).

Ta med ein liten sekk med alt du treng for bussturen. Turen tar ca 9 timar ein veg, og det vil bli pausar. Me kan tidlegast køyra kl 16 på sundag. Me vil senda sms e.l. når me veit nøyaktig kva tid me er heime att.

Hugs å fylle ut helsekortet, og lever det til Anne Merete på fredag.

Anne Merete og Hildegunn er reiseleiarar, medan Helga kjem fram til Elverum fredag kveld.  Anne Merete kjem til å køyra Øystein sin bil.

 

Om ein vil følgja med på NM i speiding, så er det både ei Facebook-side og eit arrangement på Facebook som dekkar det som skjer i helga. Heimesida til NM i speiding har all informasjon ein treng om NM, og den plar òg å bli oppdatert gjennom helga ☺

Det plar vera kiosk på NM der ein kan kjøpa litt snop og brus, samt NM-effektar som t-skjorter. Speidarsport plar òg ha butikk på NM. Så om det noko ein vil kjøpe der, så ta med lommepengar.

 

Tid:     Fredag 09. juni til sundag 11. juni.

Stad: Norsk Skogmuseum (Solørveien 151, 2407 Elverum)

Frammøte: Parkeringsplassen ved Albert E Olsen, fredag, kl 08.00-08.15

Avslutning: Samme stad som frammøte, sundag (natt til mondag) ca kl 01.00

Pris: 300 kroner. Dette dekkar mat på NM og transport til og frå.

Utstyr: Det vanlege ein har med på tur. Sjå vedlegg for meir info om utstyr.

Mat: Speidarane får all maten dei treng på NM. Ta med niste for bussturen til og frå.
Lommepengar i tilfelle me stoppar ved ei vegkro kan og vera lurt ☺

Spørsmål: Ring Helga (99 29 21 01) eller Anne Merete (98 85 11 09) om det er noko.


Kommenter innlegget

NM i Malvik

Oter greidde ein imponerande 25. plass i årets NM i speiding. Lama hamna på 110. plass. Som stifinnarar er det ein prestasjon berre å koma til NM, så alle er kjempenøgde med innsatsen i helga.

Leirområdet låg på flotte sletter ned mot Trondheimsfjorden.

Leirområdet låg på flotte sletter ned mot Trondheimsfjorden.


Kommenter innlegget

Foreldremøte, Informasjon om NM i speiding

Oter og Lama-patruljane gjorde ein kjempeinnsats under kretsbannerkonkurransen og vann kvar si gruppanm2014, stifinnar og vandrar. Dette er me svært stolte av. Nok ein gang, gratulera så mykje.

Resultatene førte også til at dei er kvalifisert til å delta i NM i speiding. Dette vert i år arrangert på Midtsandtangen leirstad, like ved Trondheim 13.-15. juni. Her skal Norges beste speidarpatrulje kårast, ved å utfordra i varierte øvingar.

I tillegg til konkurransen er det også tid til sosialt opplegg, leirbål og kos.

Me ynskjer å treffa foreldra og dei kvalifiserte speidarane for å informera / diskutera arrangement, transport samt kostnader knytta til deltakinga. Møtet vert på speidarnaustet, tysdag 13. mai kl 19.30.

Det må avklarast relativt snart kven som skal vera med, slik at me får bestilt billettar.

Du kan finna meir informasjon om NM i speiding på: www.nmispeiding.no


Kommenter innlegget

Informasjon NM i Speiding 2013

NM i speiding 2013Lamapatruljen kvalifiserte seg under årets kretsbannerkonkurranse til deltaking på NM i speiding. No er det tid for litt meir info kring dette.

NM i speiding går av stabelen på Skogsborg leirområde, i Røyken kommune (v/Oslofjorden), 7.-9. juni 2013.

Meir info om NM kan ein finna på nett: www.nmispeiding.no eller på arrangementets Facebook-side.

 

Tid: Reisa går frå Haugesund til Gardermoen, fredag 7. juni kl 17.25. Deretter tek me tog til Asker stasjon og vert henta der. Returreisa går motsett veg og me er attende i Haugesund sundag 9. juni kl 23.40.

Billettar: Billettar er bestilt.

Frammøte: vert ved Speidarnaustet, fredag kl 15.00.

Retur til Naustet, sundag ca kl 00.30.

Pris: Speidarane betalar ein eigenandel på 500,- kr. Dette dekkar reisa (fly, tog og henting i Asker), deltaking og mat. Det er bestilt grillmat til alle fredag kveld. Resten vert dekka av gruppa og sponsormidlar.

Bagasje: For å få med alt me treng av utstyr køyrer me over ein bil på dagtid, fredag. Den tar også med bagasjen til dei som tar fly, så sparar me bagasjeavgift og det er enklare å reisa. Bagasjen må leverast ved Naustet, torsdag kveld kl 20.30.

Informasjon: For meir informasjon tek me eit kort foreldremøte på slutten av speidarmøtet, tysdag 28. mai kl 20.15. Merk tida!

Spørsmål: Kontakt Helga 53413179 / 99292101 eller Øystein 90092617.


Kommenter innlegget

NM i speiding 2010

Nmlogo

NM i speiding vart halde i Tysvær i helga. Vandrarpatruljen Helga’s Angels klatra på resultatlistene heile konkurransen, og vart til slutt nummer 59 av 118 deltakande patruljar. Fin innsats!

Ryvarden krets stod for arrangementet i lag med Haugaland krets (KFUK-KFUM). Difor stilte 1. Leirvik med 12 roverar og leiarar som tok seg av ei av oppgåvene. Speidarane skulle laga ei fiskestang med snelle på laurdagskvelden. Etter innlevering 01.00 arbeidde me med bedømming utover natta. Det var eit slit, men det gjekk veldig bra.