NM i speiding vart halde i Tysvær i helga. Vandrarpatruljen Helga’s Angels klatra på resultatlistene heile konkurransen, og vart til slutt nummer 59 av 118 deltakande patruljar. Fin innsats!
Ryvarden krets stod for arrangementet i lag med Haugaland krets (KFUK-KFUM). Difor stilte 1. Leirvik med 12 roverar og leiarar som tok seg av ei av oppgåvene. Speidarane skulle laga ei fiskestang med snelle på laurdagskvelden. Etter innlevering 01.00 arbeidde me med bedømming utover natta. Det var eit slit, men det gjekk veldig bra.