1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretsbannerkonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på kretsens leirplass, Lier i Sveio.
På kretsbannerkonkurransen konkurrerer speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellige øvingar over to dagar. Sidan konkurransane startar tidleg laurdag, reiser me i år inn allereie på fredag. Dei tre beste patruljane vert kvalifiserte for deltaking i NM i speiding.
Småspeidarane har rundløype på sundagen, med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.
Tid: Fredag-sundag 24.-26. april
Stad: Lier i Sveio. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Følg E39 til Førde kyrkje i Sveio. Ta av mot Ervik, følg vegen 2-3 km og ta av mot Lier (grusveg).
Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 18.00.
Avslutning: På Lier, ca kl 15 sundag. Tilbake på Naustet ca kl 16.
Pris: 150 kr. Dette dekkjer mat og deltaking i konkurransen.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.
Mat: Patruljane tek med mat sjølv.
Påmelding: Innan torsdag 9. april til Helga (99292101) eller Gaute (99629244). Det er bindande påmelding, sidan me må betala deltakaravgift til kretsen.
Spørsmål: Ring Helga (99292101) eller Gaute (99629244).