1. Leirvik speidargruppe

Kretsbannerkonkurranse småspeidar

Kommenter innlegget

1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretskonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på kretsens leirplass, Lier i Sveio.

På kretsbannerkonkurransen konkurrerer patruljane mot kvarandre i ei rundløype. Det er postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.

Tid: Sundag 26. april.

Stad: Lier i Sveio.

Frammøte: Speidarnaustet, sundag kl 09.00. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Følg E39 til Førde kyrkje i Sveio. Ta av mot Ervik, følg vegen 2-3 km og ta av mot Lier (grusveg).

Avslutning: På Lier, ca kl 15 sundag. Tilbake på Naustet ca kl 16.

Pris: Turen er gratis.

Utstyr: Ta med/på deg klede til å vera ute heile dagen.

Mat: Ta med matpakke. Det er kiosk på kretsbannerkonkurransen med snop, pølser, is og brus. Ta med nokre kroner om du vil snopa litt.
Alle må ha med niste uansett!

Påmelding: Innan torsdag 9. april til Helga (99292101) eller Gaute (99629244).

Spørsmål: Ring Helga (99292101) eller Gaute (99629244).

 

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s