1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Speidarmøtet tysdag 17. November

Som me sa til speidarane i slutten av sist møte, så skal me neste gong være ved sponavikjo. Det er nok litt for kaldt til bading på denne tiden av året 🥶 så då gjelder det å kle seg godt etter vêret ⛅️

Det blir heilt vanlege møtetider, og speidarane kan gjerne ta med seg eigen kniv, hovudlykt/lommelykt, refleks og vassflaske dersom du blir tyst. Eit sitteunderlag kan være kjekt å ha 😉

Reklame


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2018 Småspeidar

No nærmar kretsbannerkonkurransen seg med stormskritt, og denne gongen skal 1. Leirvik og Meling arrangere konkurransen. Den skal vere her på Stord, i Sponavikjo. 

I kretskonkurransen konkurrerer patruljar i øvingar som til dømes naturkjennskap, praktiske oppgåver og førstehjelp. Det å samarbeide er vektlagt for småspeidarpatruljane, men konkurransen handlar like mykje om å være på tur saman med speidarar frå heile kretsen. 

Sidan konkurransen er her på Stord, treng me ikkje noko felles køyring til å frå. I løpet av dei neste møta vil me førebu oss og snakke litt om kva ein kan vente seg i konkurransen. Les meir


Kommenter innlegget

Kretsbannerkonkurransen 2018 Stifinnar / Vandrar

No nærmar kretsbannerkonkurransen seg med stormskritt, og denne gongen skal 1. Leirvik og Meling arrangere konkurransen. Den skal vere her på Stord, i Sponavikjo. 

I kretskonkurransen konkurrerer patruljar i øvingar som til dømes orientering, matlaging, praktiske oppgåver og førstehjelp. Dei beste kvalifiserer seg til NM i speiding, men konkurransen handlar like mykje om å være på tur ei heil helg saman med speidarar frå heile kretsen. 

Sidan konkurransen er her på Stord, treng me ikkje noko felles køyring til å frå. I løpet av dei neste møta vil me førebu oss og pakke fellesutstyr som lavvo og utstyrskassen. Les meir


Kommenter innlegget

Dagstur i Gullberg for småspeidarane

Som de sikkert har sett på kalenderen, så skal småspeidarane på dagstur! Turen går til Gullberg, der me skal vera ute og ha det kjekt heile dagen.

 

Tid: Sundag 12. februar.

Stad: Gullberg

Frammøte: Sponavikjo kl. 11.00

Avslutning: Sponavikjo kl. 15.00

Utstyr: Kle deg etter vêret med gode sko/støvlar som tolar vatn.

Mat: Ta med deg drikke. Leiarane tek med mat til alle.


Kommenter innlegget

Bilete frå kretskonkurransen i Sponavikjo

Både små og store hadde det kjekt på årets kretskonkurranse. Stifinnarane konkurrerte dag og natt og overnatta på grasbakken ved stranda. Småspeidarane hadde sin konkurranse på sundagen. Dessutan var 1. Leirvik teknisk arrangør saman med Meling og Folderøy, så roverar og leiarar jobba for fullt heile helga.

Småspeidarane gjorde det spesielt bra og sikra dobbeltsiger på heimebane. Dei to vandretroféa ulven og heksa bur difor på Naustet heilt til neste år!

Her er nokre av dei fine bileta Ingrid tok i Sponavikjo:

Anne Merete dokumenterte leirplassen i løpet av helga:


Kommenter innlegget

Opptaking av speidarar

Det vert møte med opptaking av nye speidarar, tysdag 21. februar. I haust fekk me ikkje tatt opp noko, så det er mange som står for tur denne dagen.

Denne dagen ivitera me foreldra og sysken til å vera med oss på opptakingsfest. Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal.

Me markerar også dei som har bytta enhet den seinare tida. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny enhetsmarkering. Dette gjeld dei som er flytta frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.

 

Det vert bål, litt speidaraktivitetar, kaffipause og opptaking.

 

Tid: Tysdag 21. februar, kl 17.30 til 19.00. NB: Tidspunktet gjeld alle.

Stad: Sponavikjo

Pris: Sjal, merke og knute for dei som skal tas opp kostar 125 kroner. Ta med på

arrangementet!

Mat: Ta med litt kaffi + kaffimat og noko til å spidda på bålet.

Spørsmål: Ring Helga, tlf 53413179 eller 99 29 21 04.