Det vert møte med opptaking av nye speidarar, tysdag 21. februar. I haust fekk me ikkje tatt opp noko, så det er mange som står for tur denne dagen.
Denne dagen ivitera me foreldra og sysken til å vera med oss på opptakingsfest. Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal.
Me markerar også dei som har bytta enhet den seinare tida. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny enhetsmarkering. Dette gjeld dei som er flytta frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.
Det vert bål, litt speidaraktivitetar, kaffipause og opptaking.
Tid: Tysdag 21. februar, kl 17.30 til 19.00. NB: Tidspunktet gjeld alle.
Stad: Sponavikjo
Pris: Sjal, merke og knute for dei som skal tas opp kostar 125 kroner. Ta med på
arrangementet!
Mat: Ta med litt kaffi + kaffimat og noko til å spidda på bålet.
Spørsmål: Ring Helga, tlf 53413179 eller 99 29 21 04.