1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Kretskonkurransen 2016 stifinnar/vandrar

1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretsbannerkonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Sandbekken i Tysvær.

På kretsbannerkonkurransen konkurrerer speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellige øvingar over to dagar. Sidan konkurransane startar tidleg laurdag, reiser me inn allereie på fredag. Dei tre beste patruljane vert kvalifiserte for deltaking i NM i speiding.

Tid: Fredag-sundag 22.-24. april

Stad: Sandbekken i Tysvær. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Ta av frå E39 eit stykke sør for Aksdal. Følg skilta mot Sandbekken (severdigheit) innover nokre kilometer på bygdevegane.

Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 18.00.

Avslutning: På Sandbekken, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 16.

Pris: 200 kr. Dette dekkjer mat og deltaking i konkurransen.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, speidarskjorte, sjal, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.

Mat: Gruppa tek med mat til alle. Ta med litt lommepengar til kiosken om du vil.

Spørsmål: Ring Helga (99292101) eller Gaute (99629244).

Reklame


Kommenter innlegget

Sterk innsats i kretskonkurransen

Då er kretskonkurransen 2014 over. Oppgåvene laurdag og sundag sette speidarane på mange slags prøvar. Mellom anna måtte dei konstruera ein stol, spleisa tau og framføra påskebodskapen som skodespel.

Småspeidarane deltok med to patruljar som gjekk ei rundløype på sundag.

Andreplass for stifinnarar, kretskonkurransen 2014.

Rev tok andreplassen for stifinnarar, kretskonkurransen 2014.

Førsteplass i kretskonkurransen for stifinnarar 2014.

Lama tok førsteplassen i kretskonkurransen for stifinnarar 2014. Sterkt gjort, for to av lamaane låg sjuke heime.

Vinnarar av kretskonkurransen 2014.

Oter vann kretskonkurransen for vandrarar 2014. Dei var fem, men to måtte reisa heim litt tidlegare.

Oter og Lama får delta i NM i juni.