1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Bilete frå Vatnadalen 2010

Ein knalltøff gjeng småspeidarar og stifinnarar overnatta i Vatnadalen 23.–24. oktober. Det vart reine vinterturen, med snø på bakken og kuldegrader til langt utpå morgonen.


Éin kommentar

Fridykking og bogeskyting på rover-/leiartur

Åtte roverar og leiarar reiste på tur til Håøya friluftsområde i Nordhordland helga 10.–12. september 2010. Der fekk me prøva oss på fridykking og bogeskyting under rettleiing av Børje Møster frå Frivannsliv. Utfordrande og moro!


Kommenter innlegget

Bilete frå festivalleiren 2010

Avslutningsturen vår i år gjekk til Lier på festivalleiren til Ryvarden første helga i juni. Denne gongen hadde festivalen vikingtema, og i opptoget på laurdagen vart 1. Leirvik kåra til beste vikinggruppe! Me fekk til og med premie — eit kjekt kokeapparat.

Opptog i velourvikingkostyme (!):

Handbak, putekrig og andre typiske vikingaktivitetar:


Glimt frå leirlivet:

(Foto: Øystein og Anne Merete)


Kommenter innlegget

Flyttedugnad

På Kristi himmelfartsdag stilte fem av oss opp på dugnad for å tena nokre kroner til gruppa. Me hjelpte til med eit flyttelass frå Bjelland til Haga.


Kommenter innlegget

Vårleg vintertur til Vågslid

Åtte roverar og leiarar reiste til ei hytte på Vågslid 7.–9. mai 2010. Lite snø denne vinteren gjorde at alpinanlegget var stengt allereie, men me hadde det likevel kjekt på bortoverski og akebrett. Strålande sol og plussgrader heile helga!

Foto: Øystein og Gaute.


Kommenter innlegget

Bilete frå kretskonkurransen 2010

1. Leirvik stod for ein av postane i årets kretskonkurranse. Her skulle speidarane laga fruktsalat. Oppgåva la særleg vekt på hygiene, og vonde tunger ville ha det til at ein slik post hadde 1. Leirvik godt av å arrangera.

(Alle foto: Øystein)


Kommenter innlegget

Speidarfoto frå 80-talet

«Det låg no på naustet og slang» reiser i dag til 80-talet med bilete frå mellom anna kretsleiren i 1983 og ein våt, våt landsleir på Notodden i 1985.


Kommenter innlegget

Gammalt speidarbilete i Sunnhordland

Picture

Ut på tur – aldri sur!

Treng hjelp til å finna ut namna på speidarane på biletet!

Dette brevet kom til avisa for nokre dagar sidan:

Til Bladet Sunnhordland.
1. Leirvik speidartropp var 90 år for ca 10 år siden? Er 100 års feiringa snart planlagt eller allerede feiret? Kan noen navngi alle på fotoet var det fint. Rolf Johannesen ytterst til høgre og undertegnede Magne Westerheim med mørk genser var aspirant den gang for over 60 år siden da fotoet ble tatt. Kjenner igjen de aller fleste, men noen er ute av minne. Har bodd utenfor Stordøya i 50 år. Det gleder meg også at langrennsporten har fått gode kår på Stord. Var med på Ølen og Etnerenna som 15-16 åring.
MVH. Magne A. Westerheim

Fotoet med brev stod på trykk måndag 1. februar 2010. Veka etter stod det svar:

1. Leirvik speidargruppe er høgst oppegåande. Pr. dags dato er dei over 40 stk. i alder 9–60+, både gutar og jenter. 100 år i februar 2013. Alle som har gode historier eller liknande kan ta kontakt på tlf. 53 41 31 79 / 992 92 101.
Me manglar berre namn på nokre få: Bak frå høgre: Rolf Johannessen og i mørk genser Magne Westerheim. Framme frå høgre: Bjørn Berg, Arvid Vik, Harald Tellefsen, Gunnar Sævik, Tor Resser og Olav Sværen. 2. rekkje frå venstre: Ole Dahl, Jan Sørheim, Ove Gulliksen, Lars Åge Eldøy, Odd Laukhammer. Bak frå venstre: Ole Yttredal, Håkon Belsvik, Leif Georg, Åge Almås, Arne Aas Haugland, Martin Klingsheim og Einar Laukhammer.


Kommenter innlegget

Speidarfoto 1993–2004

Til den høgst uregelmessige serien «Det låg no på naustet og slang» har eg i dag funne eit litt nyare fotoalbum enn sist gong. Her er det bilete frå landsleiren på Eidskog i 1993, kretsleiren på Huglo i 1999, hausthaiken i 2004 og litt andre turar innimellom.