Same procedure as every year James! Atter ein gong er 1. Leirvik klar for å gå i morgontoget på 17. mai. Møt opp ved Nattrutekaien på Leirvik mellom kl. 06.30-06.45. Ha på speidarskjorte og sjal, og gode sko. Om ein skal noko rett etterpå, kan ein møte opp i anna fin-stas. Me går i frå Leirvik til Sjukehuset, der me syng for pasientane. Alle må hentast ved Sjukehuset, ca. kl. 08.15. Dette blir ein fin start på 17. mai!