1. Leirvik speidargruppe

Landsleir Bodø 2017

Kommenter innlegget

nord2017-logo-400x230pxSommaren 2017 arrangerar Norges Speidarforbund landsleir i Bodø. Som vanleg deltek 1. Leirvik på leir og satsar på å få med flesteparten av speidarane våre (stifinnarar og vandrarar). Forrige landsleir var i Stavanger og samla kring 8000 speidarar frå inn- og utland.

Landsleir vert arrangert kvart fjerde år, så dette er noko DU må få med deg. Det er første gang leiren er lagt under nordnorsk midnattsol. Det vert spanande å få oppleva dette. Teltleir og midnattsol ei heil veke til endes.

Sidan reisa er så lang, har me valgt å vera på tur nokre ekstra dagar. Me nyttar oss av slekt og vener i Gildeskål, like ved Bodø, for overnatting i forkant og etterkant av sjølve leiren. På denne måten får me meir tid til å oppleva Nord-Norge. Nærare program for desse dagane kjem etter kvart.

Ved å reisa litt utanom hovudmengda av speidarane håpar me å oppnå langt betre prisar på transport til og frå.

Sjølve leiren er frå laurdag 1. juli – laurdag 8. juli.

1. Leirvik reiser med fly frå Flesland, onsdag 28. juni. Retur vert med tog frå Bodø mandag 10. juli, framme i Bergen tysdag 11. juli.

Nøyaktig avreisetidspunkt kjem i seinare informasjon.

Det er fleire familiar som antydar at dei legg ferien til nord-Norge i år og vil levera/henta sin speidar på leiren. Det er viktig at me får melding om dette ved påmelding. Billettar vert bestilt fortløpande, etter kvar som påmeldingar kjem inn.

Pris for deltaking på leiren er 2600 kr.

Pris for transport er estimert til 2500 kr (med dagens billettprisar).

Info om innbetaling kjem når billettane er bestilt (slik at me har sikker pris)

Det vert BINDANDE påmelding så snart som mogeleg, men innan 25. januar. Kostnader ved flybillettar, togbillettar og kontingent som ikkje kan refunderast vert belasta kvar enkelt. Det vert bestilt minipris billettar som i utgangspunktet ikkje kan avbestillast.

Meir info kan du finna på nettsida til landsleiren: http://nord2017.no/

Me treng underskrift frå føresette, så skriv ut lappen og ta med på speidarmøte, eller ta bilete og send til Øystein på e-post oyos72@gmail.com eller mobil 900 92 617:
landsleir-2017-info-og-påmelding

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s