1. Leirvik speidargruppe

Gruppetur til Heidlatun, Sveio

Kommenter innlegget

Det vert tur for heile speidargruppa til Hedleitun, Ryvarden krets si hytta i Sveio, 3.-4. februar (laurdag – sundag). Stifinnarar og Vandrarar får også invitasjonen til å delta på eit emnekurs inne på Speidarhytta til Skudnes på Hovstad (fre-laur). Nokre av leiarane skal også på emnekurs, og det er mogleg å sitte på med dei ned, og tilbake til resten av turen.

Det vert mykje aktivitetar ute, litt innekos og mulighet for dei store, til å overnatta ute i hengekøy. Her er det mange mulighetar.

Me treng nokre foreldre som kan køyra til/henta på hytta. Den ligg ca 2 km frå bensinstasjonen på Haukås i Sveio. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til/frå og antall passasjera du kan ta med

Tid: Laurdag 3. – sundag 4. februar

Frammøte: Speidarnaustet laurdag kl 12.

Stad: Ryvarden krets si hytta på Nese i Sveio.

Avslutning: Speidarnaustet, sundag kl 15.

Dei som skal henta må vera på Nese innan kl 14.30

Pris: 150,- Dette dekkar mat og utstyr me treng på turen. Leiarane ordnar mat.

Utstyr: God og varm (visst du skal ligga ut)sovepose, liggeunderlag (i tilfelle du må ligga på golvet), hengekøy (visst du har og vil overnatta ute) kniv, ekstra skift med ull, klede til å vera ute (turbukse, ullgenser, hua, votter/vanter, buff/hals), klede til å være inne, , lommelykt/hovudlykt, speidarskjorte og skjerf (dei som har), litt brus og godteri om du vil.

Emnekurs: Påmelding til Kristoffer innan laurdag 27. Januar. Info om avreise kjem seinare. Sjå pdf for info:

.

Påmelding: ring/SMS innan tysdag 30. januar til Kristoffer (hugs fullt namn)

Fint om du også skriv om du kan køyra til/frå,  eller ikkje kan køyra.

Spørsmål: Ring/sms Kristoffer (95522332)

Kommenter innlegget