1. Leirvik speidargruppe

Tur til Åreidalen, Bømlo

Kommenter innlegget

Småspeidarar

Endeleg er me i gang igjen med ny sesong. Tid for telttur!

For småspeidarane, så vert det tur med overnatting i telt på Oldereide (Åreidalen for lokalkjente, men det finnes ikkje på kartet!). Her skal me laga mat ute, ha leirbål, leikar og utforska naturen.

Tid: Laurdag 7. til sundag 8. september.

Stad: Oldereide (Finnåsvatnet) på Bømlo. Nærare beskriving av plassen kjem på nett/Facebook når det nærmar seg, til info for dei som skal køyra/henta.

Frammøte: Laurdag 7. september ved speidarnaustet kl 12.00. Merk tida. 

Avslutning: Dei som skal henta må vera på Oldereide, sundag kl 15. Tilbake på naustet kl15.30

Pris: Turen kostar 100,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal (dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Det er viktig med godt liggeunderlag (minimum 10 mm) tjukt og god sovepose (komfort temperatur ned til -5). Visst du ikkje har, ta kontakt, så har me leiarane nokre tips!

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til/frå. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / frå / ingen køyring.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf / SMS 95522332, innan tysdag 3. sept

Spørsmål: Kontakt Kristoffer eller Øystein (90092617)

Stifinnarar/Vandrarar

Hausten er her, ny sesong og me er klar for hike og telttur.

For speidarane så vert det hike frå fredag til laurdag. Då går me frå Folderøy til Oldereide, med overnatting i gapahuk undervegs. Speidarane skal klara seg mest mogeleg sjølv, men nokre leiarar er med på turen.

Me skal gå omtrent 7 km totalt, fordelt på 2 dagar. Relativt lettgått, flat sti. Det er viktig å pakka lett. Ikkje ta med meir enn du treng, du må bera sekken sjølv. Sørg for at utstyr er oppi / godt festa på sekken. Det er tyngre / meir irriterande med ein sekk der ting heng å dinglar!!

Vel framme på Oldereide (Åreidalen for lokalkjente, men det finnes ikkje på kartet!)møter me småspeidarane som er på tur. Så vert det leir og overnatting i telt til sundag. Her skal me laga mat ute, ha leirbål, leikar og utforska naturen.

Me skal gjera siste rest av bademerket (for dei som har lyst til det), som er å falle uti vatnet med klede, for å sjå kor tungt det er å symja med. Ta med fullt bytte for dette, pakka utanom sekken. Leiarane tar dette med, slik at du slepp å bære det.

Tid: Fredag 6. – sundag 8. september

Stad: Folderøy til Oldereide (Finnåsvatnet) på Bømlo. 

Frammøte: Fredag 6. sept ved speidarnaustet kl 17:00. 

Avslutning: Dei som skal henta må vera på Oldereide, sundag kl 15. Tilbake på naustet kl 15.30

Pris: Turen kostar 150,-. Det dekkar mat og anna utstyr me treng på turen.

Utstyr:Sovepose, liggeunderlag, regnklede, vassflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv. Dersom du manglar utstyr, så har både me og BUA ein del til utlån.

Bytteklede for bademerket (pakka utanom sekken), også ekstra skopar.

Det er viktig med godt liggeunderlag (minimum 10 mm) tjukt og god sovepose no på hausten (komfort temperatur ned til -5). Visst du ikkje har, ta kontakt, så har me leiarane nokre tips!

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til/frå. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / frå / ingen køyring.

Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf / SMS 95522332, innan tysdag 3. september

Spørsmål: Kontakt Kristoffer på tlf 95522332

Helsing leiarane

Kommenter innlegget