1. Leirvik speidargruppe

Pakkemøte og avreise til kretsleir (oppdatert pakkeliste)

Kommenter innlegget

Ei lita påminning om at det er pakkemøte av utstyr ikveld kl 19. Dykk treng ikkje å ta med sekkene dykkar, det er berre kontroll og pakking av fellesutstyr idag.

Speidarane får også litt praktisk info om avreise og leiren, men me har full forståing om nokre av speidarane har skuleavsluttning idag og kjem derfor ikkje.

Praktisk info

Oppmøte på lageret blir laurdag 24. juni kl 08.00

Pris for leiren er 1100kr, betal gjerne ved oppmøte. For dei som betaler med vipps, skriv namnet til speidaren og kva det er for, då vert regnskapsføreren vår så lykkelig 😉

Transport: Me treng 1-2 føresette som kanskje må kjøre. Meld ifrå til Kristoffer (95522332) om du har anledning til å kjøre, og ant. Passasjerar du har plass til. Me treng ikkje føresette til å kjøre på heimreisa, då har fleire leiarar med bilar komt.

Pakkeliste: Me skal være på leir 1 veke, det er meldt fint og varmt vêr, men vêr kan skifte fort!

Speidarane skal på haik undervegs i leiren, pakk derfor i ein sekk som er god å bære!

  • Liggeunderlag + sovepose
  • Spisesaker (fat, skål, kopp, bestikk)
  • Vassflaske
  • Toalettsaker (solkrem og myggspray kan være greit å ha)
  • Klede til å være ute i
  • Gode sko
  • Tørt skifte i sekken + speidaruniformen
  • Varme klede. Det vert fort kaldt på kvelden og utpå natta.
  • Lykt/hovudlykt
  • Kniv
  • Speidarstol + kappe er kjekt å ta med for dei som har, men ikkje nødvendig
  • Badeklede + håndkle
  • Redningsvest
  • Me fraråder speidarane å ta med mobil, det vert på eige ansvar. Men det er høve til lading for dei som tar med.

Kommenter innlegget