1. Leirvik speidargruppe

Kretsbannerkonkurranse, store og små

Kommenter innlegget

Småspeidar

Det er vår og snart tid for kretsbanner konkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år.  I år er konkurransen på Blikshavn leirplass, søraust på Karmøy.

På kretsbannerkonkurransen konkurrera speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellege øvingar over 2 dagar. Dei 3 beste patruljane vert kvalifisert for deltaking i NM i speiding. Småspeidarane har ikkje NM, men ein kjekk konkurranse i kretsen.

For småspeidarane er det rundløypa på sundagen, med postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar. Denne gangen opnar me opp for at dei småspeidarane som har lyst, kan komma laurdag ettermiddag / kveld og overnatta ute i telt til sundagen. Dei som ikkje vil overnatta, kjem sundag morgon.

.

Tid: Laurdag 6/4 – Sundag 7/4, evnt dagstur sundag 7/4

Stad: Blikshavn leirplass, Karmøy. Me treng nokre foreldre til å køyra. Vegen finn du på Google maps. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til på laurdag / henta på sundag. Gi beskjed om kor mange passasjera du har plass til.

Treng også nokon til å køyra på sundag. Då er det best om du er med heile dagen og køyrer tur/retur

Frammøte: Speidarnaustet, laurdag kl 16.00 for dei som skal overnatta

Speidarnaustet, sundag kl 08.00, for dei som vil på dagstur

Avslutning: På Blikshavn, ca kl 15 sundag. Tilbake på Naustet ca kl 16.30

Pris:100 kr. Dette dekkar mat og deltaking i konkurransen.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, ullundertøy, god varm genser, hua, hansker, kniv, lommelykt.

Mat: Dette tar leiarane med 

Påmelding: Til Kristoffer tlf / SMS 95522332 innan fredag 22. mars (merk kort frist). Det er bindande påmelding, sidan me må betala deltakaravgift til kretsen.

Spørsmål:Kontakt Kristoffer 95522332.

.

.

Stifinnar og Vandrar

Det er vår og snart tid for kretsbanner konkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år.  I år er konkurransen på Blikshavn leirplass, søraust på Karmøy.

På kretsbannerkonkurransen konkurrera speidarpatruljane mot kvarandre i forskjellege øvingar over 2 dagar. Fredag kveld er det berre innsjekk og oppsetta av telt / tilrigging, slik at me er klar til laurdag morgon. Dei 3 beste patruljane vert kvalifisert for deltaking i NM i speiding.

Småspeidarane har sin eigen konkurranse på sundagen.

Tid: ​​Fredag 5/4 – Sundag 7/4.

Stad: ​​Blikshavn leirplass, Karmøy. Me treng kanskje nokre foreldre til å køyra. Vegen finn du på Google maps. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til på fredag / henta på sundag. Gi beskjed om kor mange passasjera du har plass til.

.

Frammøte: Speidarnaustet, fredag kl 17.00.

Avslutning: På Blikshavn, ca kl 15 sundag. Tilbake på Naustet ca kl 16.30

​​Dei som skal henta må vera på Blikshavn 14.30

Pris: 150 kr. Dette dekkar mat og deltaking i konkurransen.

Utstyr:  Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, ullundertøy, god varm genser, hua, hansker, kniv, lommelykt.

Mat: Patruljen lagar handlelista, så kjøper leiarane inn

Påmelding: Til Kristoffer tlf / SMS 95522332 innan fredag 22. mars (merk kort frist). Det er bindande påmelding, sidan me må betala deltakaravgift til kretsen.

Spørsmål: Kontakt Kristoffer 95522332.

Kommenter innlegget