Då skal me endeleg reise på Festivalleiren, og me leiarar gleder oss skikkeleg til å sjå kostymene dykk kjem med! Det skal være mafiaparade med alle speidargruppene, kiosk, leirbål, og mange andre aktivitetar! Om vêret blir fint, så er det også mogleg å bade i vatnet der. Dette blir ein fantastisk avsluttningstur før sommarferien med mange små og store speiarar frå andre grupper i kretsen.
NB: Det stod feil påmeldingsdaato på arket speidarane fekk med seg heim, den er retta her.
Tid: 31. mai til 2. juni
Stad Kretsens leirområde på Lier i Sveio
Frammøte Ved naustet fredag kl 16.30. Me treng nok nokre føresette som kan hjelpe oss med kjøring til leirplassen. Gjeld nok også på søndag.
Avslutning Ved naustet søndag kl 16.00
Pris 200,-
Utstyr Sovepose, liggeunderlag, tallerken, kopp, bestikk, kniv, drikkeflaske,lommelykt/hovudlykt, regnklede, varm genser, ullundertøy, ullsokkar, varmt skift i sekken, speidarskjorte, speidarsjal, mafiakostyme, fjellsko, vottar, hua, badeutstyr (for dei som vil).
Kostyme Det er tradisjon med opptog med tema under festivalleiren. I år er det satt opp mafia som tema! Det vert spanande. Her er det berre til å la kreativiteten utfalda seg.
Mat Leiarane ordnar mat, men det er kiosk på leiren 😉
Ta med litt lommepengar
Påmelding Innan laurdag 18. mai. TLF/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)
Spørsmål TLF/SMS til Kristoffer Spissøy (95522332)