1. Leirvik speidargruppe

Julatur og Bakemøte

Kommenter innlegget

Bakemøte

Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 4. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 5. desember kl 17-18.45

Julatur

Tida går fort, no er det tid for julatur igjen. På julaturen er det litt speidaroppgåver, me riggar til juleverkstad og på kvelden vert det julekoldtbord. Denne turen vektlegg me det sosiale. Me skal overnatta på det gamla skulehuset på Hiskjo, Bømlo.

Turen er felles for småspeidarar og speidarar.

Tid: Laurdag 7. til sundag 8. desember

Stad: Hiskjo, Bømlo (Hiskjo skule Lekvoll i Google maps)

Frammøte: Ved speidarnaustet, laurdag kl 11.

Avslutning: På Hisko, sundag kl 15, tilbake ved naustet ca kl 15:45

Køyring: Me treng nokre foreldre som kan køyra til / henta på Hiskjo. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til / henta på Hiskjo / ikkje køyra.

Pris: 150 kr.

Utstyr: Sovepose, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal (dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.

Påmelding: Me er i gang å tester Spond. Søk på gruppekode ZPCPI i Spond Appen. Fint om alle gir beskjed om dei skal / ikkje skal.

Meld i tillegg på til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332 SMS (Så får me kvalitetsikra at alt fungerer denne første gangen).

Påmeldingsfrist: tysdag 3. desember

Helsing leiarane

Kommenter innlegget