I serien «det låg no på naustet og slang», presenterer me i dag falkepatruljens fotoalbum frå 1956.
Først ser me bilete frå ein patruljetur til Knutsanaustet i januar. Det kunne visst vera lite snø på Stord den gongen òg. I april vann falkepatruljen flaggpatruljekonkurransen for andre året på rad. Det var ein variert konkurranse, med løype både til Stua og Landåsvatnet.
Vidare er det bilete frå fleire patruljeturar og selskap heime hjå peffen. Til slutt reiser falkane til Voss på landsleir. Postkortet og dei nummererte bileta sist i albumet er nok ein slags minnepakke frå leiren. Artig å sjå korleis leirlivet var, men det er nok ingen av våre speidarar med på dei bileta.