1. Leirvik speidargruppe

Hausttur

Éin kommentar

Det vert telttur til Spissøy (Bømlo) for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, laurdag 20. – sundag 21. september.

Me skal overnatta heilt i sørenden av Spissøy. Me vil ha fiske, båt og sjø som eit tema på turen. Dei som vil kan ta med fiskestang. Sidan me skal vera i båt må alle ha med redningsvest.

Vandrarane planlegg sjølv tur på eigahand (uten leiarar) frå fredag til laurdag. I løpet av laurdagen slår dei seg saman med oss andre på Spissøy.

Tid: Laurdag 20. – sundag 21. september.

Stad: Spissøy på Bømlo (nesten gjennom Trekantsambandet)

Frammøte: På speidarnaustet i Naustvågen, laurdag kl 11.00

Avslutning: På speidarnaustet, sundag kl 16.00. Dei som skal køyra må henta oss på Spissøy kl 15.30

Pris: 100 kroner. Dette dekkar all mat og andre utgifter me har med turen.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker, shorts, handle. Badeklær og fiskeutstyr, for dei som ynskjer det. REDNINGSVEST.

Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, eller Øystein tlf 90092617 innan torsdag 18. september.

Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring til og frå Spissøy. Det er berre ca 15 min å køyra, så me avtalar på laurdag kven som køyrer til/frå.

Spørsmål: Ring Helga eller Øystein

Advertisements

One thought on “Hausttur

  1. Tilbakeping: Vandrartur | 1. Leirvik speidargruppe

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s