Då er det nok ein gang klart for småspeidartur i 1. Leirvik speidargruppe. Denne gangen dreg me til speidarhytta Sævarbu, på Stordafjellet.
Overnatting vert innandørs, men me skal vera mykje ute, så ta med klær og utstyr som passar til dette.
Det er eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen, til der me skal overnatta (Ca 2 km). Pakk i ryggsekk, slik at du kan bæra bagasjen din sjølv. Med det skiftande været som er for tida, er det ikkje godt å seie om me skal gå til fots eller på ski. Forbered deg etter været!
MERK: Gruppa reiser i to puljer denne helga. Stifinnar/vandrar frå fredag til laurdag og småspeidarar frå laurdag til sundag. Denne lappen er for dei som skal frå laurdag til sundag. Målet er at dei skal bli betre kjent med sin patrulje.
Tid: Laurdag 14. februar til sundag 15. februar.
Stad: Sævarbu, Stordafjellet (Litt nedanfor Heio)
Frammøte: Parkeringsplassen ved kraftstasjonen på Lundarstøl, laurdag, kl 15.00
Avslutning: Samme stad som frammøte, sundag kl 15.00
Pris: 100 kroner. Dette dekkar middag og overnatting.
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, ski (dersom det er skiføre).
Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til frukost og lunsj sundag (alle må bidra og bære litt). Leiarane kjøper inn middag/kvelds til laurdag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan torsdag 12. februar. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.
Spørsmål: Ring Helga eller Øystein