1. Leirvik kjem også i år til å delta i kretskonkurransen. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av kretsen vår kvart år. I år er konkurransen på Sandbekken i Tysvær.
Konkurransedagen er sundag, men me tek med småspeidarane frå laurdag og overnattar i telt.
På kretskonkurransen konkurrerer patruljane mot kvarandre i ei rundløype. Det er postar med naturkjennskap, knutar, førstehjelp og nokre praktiske øvingar.
Tid: Laurdag–sundag 23.–24. april.
Stad: Sandbekken i Tysvær.
Frammøte: Speidarnaustet, laurdag kl 14.00. Me treng nokre foreldre til å køyra.
For dei som køyrer: Ta av frå E39 eit stykke sør for Aksdal. Følg skilta mot Sandbekken (severdigheit) innover nokre kilometer på bygdevegane.
Avslutning: På Sandbekken, ca kl. 15 sundag. (Dei som skal henta må vera der kl. 14.) Tilbake på Naustet ca kl. 16.
Pris: 100 kr. Dette dekkjer mat og deltaking i konkurransen.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, speidarskjorte og sjal om du har, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, lommelykt.
Mat: Gruppa tek med mat til alle. Ta med litt lommepengar til kiosken om du vil.
Påmelding: Innan torsdag 14. april til Helga (99292101),
Spørsmål: Ring Helga (99292101).