Vêret er klårt, sola skin, og me er atter ein gong klar for ny tur. Me skal denne gongen til hytta vår på Stordafjellet, Sævarbu.
Me kjem til å overnatte inne, men me skal vere mykje ute, så ta med klede som passar til vêret. Det er mykje snø på fjellet no!
Det er ca. 2 km å gå frå Kraftstasjonen og opp til hytta, så alt du skal ha med deg må pakkast i ein sekk som du kan bere sjølv. Alle må vere med og bere litt av fellesutstyret. Om du ikkje har ein sekk som er stor nok, kan de sjekke i BUA Stord om dei har ein sekk til låns.
Dei som vil kan ta med akebrett/ski/truger, om dei har. Du må kunne få det med opp utan hjelp.
Tid: Fredag 9. mars til laurdag 10. mars.
Stad: Sævarbu
Frammøte: Kraftstasjonen fredag kl. 16.30.
Avslutning: Kraftstasjonen laurdag kl. 15.
Pris: 100 kroner.
Utstyr: Sovepose, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv, ski/truger/akebrett, om du vil.
Mat: Blir handla inn av leiar. Ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga (99 29 21 01) innan torsdag kl.18.00, 8. mars.
Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01.