1. Leirvik speidargruppe

Speidaraksjonen 2024

Kommenter innlegget

Kvart år i april er det tid for speidaraksjonen. Då samlar me inn midlar som går til å støtta prosjekt i samarbeid med Flyktninghjelpen. Noko av pengane me samlar inn, går til eigne samarbeidsprosjekt som Norges speiderforbund har.

I år samlar me inn midlar til Flykninghjelpens fritidsklubb for Ukrainkske flykningar i Polen.

I tillegg går noko av midlane til NSFs samarbeidsprosjekt med speidarane i Zambia og Liberia.

Me gjennomfører denne som ein dør til dør innsamlingsaksjon med bøsser. Dette har vist seg effektivt gjennom fleire år. Alle får vera med å gjera ein innsats som betyr noko.

Alle som deltek i innsamlingsaksjonen, får skjerfmerket som viser at dei har gjennomført.

Speidarane går 2 og 2 i lag i utgangspunket. Det er fint om dei kan gå i sitt nærområde, der dei er kjend. Flott om nokre foreldre har tid til å køyra dei til nærområdet sitt,  etter utdeling av bøsser og legitimasjon på naustet. 

Tid: Tysdag 30. april

Stad: Møt på naustet, merk endra tid

OBS: For å få tid til å gjennomføra dette, så er det endra møtetider denne dagen. ALLE møter frå kl 17:00 – 20:00

Spørsmål: Kontakt Helga 99 29 21 01

Kommenter innlegget