1. Leirvik speidargruppe

Info om landsleir

Kommenter innlegget

Informasjon Landsleir Gjøvik 2025

Det nærmar seg landsleir med stormskritt. Her kjem litt info:

Betaling:

Leiren kan no betalast til vårt kontonr: 3520 50 45722. Merk med navn og kva det gjeld.

Prisen er 3500,- pr deltakar.

For husstandar med meir enn ein deltakar på same adressa, så er prisen 3500,- for første deltakar.

Dei neste deltakarane betalar 2450,-

Som me snakka om på info møtet tidlegare i vinter så har me søkt fleire plassar om meir støtta. Det har me dessverre ikkje fått. 1. Leirvik sponsar bussturen for alle deltakarane, så den skal det ikkje betalast for.

Transport:

Me skal ha buss saman med Meling og Foldrøy speidargruppe.

Dei stoppar på Føyno og tar oss med, fredag 4. Juli klokka 08:30. ALLE møter på Føyno.

Det er ein relativt lang busstur til Gjøvik. Ta med dagstursekk med nista, drikka, litt klede og andre ting du treng for ein dag på buss.

Bagasje:

Erfaring viser ei utfordring med å få plass til all bagasjen på full buss. Difor tar me med bagasjen i bilen som skal køyra fellesutstyret vårt til leiren.

Ferdig pakka sekker skal leverast til bilen, TORSDAG 3. Juli kl 17 .

Armbånd / Betaling på leir

Gruppa får tilsendt deltakararmbånd i forkant. Armbåndet kan «lades» med pengar og brukast som betalingsmiddel i leiren. Rover og stab har eigne fargar. Låsen indikerar om speidaren har akseptert bildetaking eller ikkje gjennom påmeldinga i Min Speiding. Ved tapt armbånd tek ein kontakt med servicetorget. Viktig at brukaren registrerer namn og gruppe ved fyrste opplading av armbåndet. Dette gir moglegheit for sperring og overføring av saldo til nytt bånd.

Det står nokre plassar at det er mogleg å bruka kort og Vipps. Ser at det er begrensa kva bankar dei samarbeider med Vipps, dersom brukaren er under 15 år. Sikkert best å satsa på armbånd.

Bank

Leiren har ikkje bank. Det er bank og minibank på Gjøvik. Det tas ikkje i mot kontantar på leiren, med unntak av servicetorget. I alle utsalgsstader nyttast armbånd, bankkort og Vipps.

Besøk

Leiren er åpen for besøkande kvar dag mellom revelje (07.30) og rosignal (23.00). Delar av leiren er ute på overnattingstur (haik) mandag til fredag. Føresatte anbefalas å avtale besøksdag med speidergruppa. Parkering for besøkande – sjå parkering.

Butikk / Kiosk / Kafe

Nærmeste daglegvarebutikk er ca 4 km frå leirområdet. Landsleiren tilbyr storkiosk der du kan handle solkrem, tannbørste og andre hygieneartiklar. Storkioskane er ved matutleveringstelta og på torget.

På torget er det eit utvalg kaféar og restaurantar med alt frå kaffe med melkeskum til middagsservering.

På leirområdet blir det kioskvogner og storkioskar.

Drikke

Hugs å drikke nok! Alle speidarane må ha drikkeflaske på leiren. Ta med drikke til alle aktivitetane.

På Hike skal dei ha med varmt vatn, som skal brukast til å laga Real turmat når dei kjem fram. Det vert ikkje lov å bruka nokon typar kokeapparat. Alle må ha med termos, minimum ½ liter, då me må koka vatnet i leiren før dei går på hike. Termosen må halda godt på varmen.

Mobiltelefon

Det er lov å ha med mobiltelefon på leiren. Kjekt å ha for å ta bilete som minner frå leiren. Me ser litt korleis det går. Vert det naudsynt så innfører me leiarane restriksjonar på bruk.

Merk at det kun vert mogeleg å lada powerbankar. Dei tek leiarane med i ein felles ladekasse til ladestasjon. Me kan ikkje sitta å passa på desse under lading, så det er på eige ansvar. Det pleier å gå bra.

Me legg opp til at speidarane i størst mogleg grad ikkje skal trenge telefon for å få ei god oppleving på leir. Speidergruppa bestemmer eigne køyrereglar for mobilbruk.

Leirsong

Leirsongen for 2025 heiter «På eventyr» og synges av Masive. Tekst finn du på landsleir.no/leirsangen, eller i leirheftet.

Listening ear

Lavterskel tilbud for dei som har behov for få litt støtte i ein vanskeleg situasjon. Listening ears er tilgjengeleg for alle på leir: speidar, rover, leiarar og stab.

Lommepengar

På infomøtet i vinter snakka me om at passelig sum er 100,- kr pr dag.

Speidarane sin landsleir har inga grense på lommepengar, men mange grupper har beløpsbegrensningar for sine speidarar.

Pakkeliste

Finnes på leirens heimeside: https://www.landsleir.no/pakkeliste#gsc.tab=0

Sosiale medier

Leiren heiter «Speidernes landsleir» på facebook, instagram, og tiktok. På youtube heiter den «Speiderne». Bruk hashtaggen #speiderneslandsleir når du postar frå leir!

Speider-Sport

Speidarane sin eigen butikk har stort utsalg på leirtorget, med både speidareffektar og sportsutstyr.

Speidarskjorte

Speidarskjorte nyttast på åpningsleirbålet, speidargudsteneste og avslutningsleirbålet. Me nyttar speidersjalet heile leirveka.

Wifi

Det blir trådlaust gjestenettverk ved torget, matutdelingstelt, servicetorg og roverkro. Ved mange samtidige brukarar kan hastigheit og stabilitet bli begrensa.

Kommenter innlegget