1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Oppdatering til Grautmøtet

Det viser seg at fleire av speidarane som skal bli tatt opp i løpet av grautmøtet har skuleaktivitetar som kolliderer.

For at desse kjekke speidarane framleis skal få anledningen til å bli tatt opp så har me valt å utsette grautetmøtet ein time.

Det blir då oppmøte med bål, preik, kos og frilek kl 18.30, så tar me sjølve seremonien med opptaking nærmare kl 19. Tradisjonen tro serverer me varm graut etter opptaking.

Datoen er uendra, tysdag 19. november kl 18.30 for alle speidarar og familie. Hugs å kle deg godt, det byrjar å bli kjølig om kveldene.

Mvh Speidarleiarane


Kommenter innlegget

Grautmøte og bakemøte

Grautmøte
Tysdag 29. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!


Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).
Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt eller hovudlykt.
Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130. Og øv gjerne på speidarløftet på lengre nede i innlegget.


Bakemøte
Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer.
Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 5. desember kl 19-20.30
Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 6. desember kl 17-18.45


Eigen lapp om julaturen kjem seinare.
NB: Julaturen er flytta fram ein dag frå det som står på kalenderen. Det blir Fredag 9. desember til Laurdag 10. Desember

Speidarløftet
“Eg lovar etter beste evne
å søke mitt livssyn,
hjelpe andre
og leve etter speidarloven.”