I fjor stillte 1. Leirvik på dugnad under eit familiearrangement for Fronta gruppen. Det er me spurt om å gjera i år også, og har takka ja.
Arrangementet er no på sundag (16.des).
Me har ansvar for å setja opp telt til å ha maten i. Fyra i lavvo slik at folk kan varma seg. Setja fram mat, hjelpa med servering og opprydding.
1. Leirvik stiller også med nisse.
For å få til alt dette treng me hjelp frå roverar og leiarar. Håpar det er mangen som kan vera med og hjelpa til, sidan dette er ein dugnad me tjener godt på.
Alle som kan vera med gir tilbakemelding til Øystein så fort som mogeleg.
Frammøte i Grimsåsen (over Saneset / Ådlandsvatnet) sundag kl 11.00, slik at me får rigga til.
Arrangementet er frå kl 13 til ca kl 15. Etter dette er det riving av telt og opprydding.
Øystein