Det vert hyttetur til Hiskjo (Bømlo) for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik,
laurdag 8. – sundag 9. desember.
Avslutningstur før jul er etterkvart blitt ein tradisjon. Pga manglande hyttekapasitet på Føyno, må me flytta turen til Hiskjo i år. Kjekt vert det uansett.
Her vert det sosiale aktivitetar, turar og juleverkstad.
Tid: Laurdag 8. des til sundag 9. des.
Stad: Hiskjo skule, Bømlo. (Køyr til Svortland, ta av mot Meling i rundkøyring i sentrum,
fortset ca 15 km til Hiskjo)
Frammøte: På speidarnaustet i Naustvågen, laurdag kl 12.00
Avslutning: På Hiskjo, sundag kl 15.00. Tilbake på Naustet ca kl 15.45.
Pris: 150 kroner. Dette dekkar all mat og andre utgifter me har med turen.
Utstyr: Sovepose, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv,
lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker
Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt snop, dersom du har lyst.
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99292101, eller Øystein tlf 90092617 innan torsdag 6.
desember. Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring til og frå Hiskjo. Gi melding
om du kan køyra ved påmelding.
Spørsmål: Ring Helga eller Øystein.