På nytt er det tid for hike når Stord er på sitt nydelegaste. Dette kan nok kallast vårens vakraste eventyr.
I år tar me turen frå Sæterbø, inn til Sørlivatno, over til Tysebotn eller opp Sørlio, før turen går vidare langs Tysevatnet og endar på speidarhytta Sævarbu. Overnatting vert det i gapahuk undervegs. Me overnattar der me føler for, når dagen er slutt. Litt etter vær og vind endrar planen seg undervegs.
Dette er ein tur for speidarane (stifinnar og vandrar) våre. Dei ordnar sjølv med orientering, mat og overnattingsplass undervegs. Leiarar følgjer med, men lagar sin eigen overnattingsplass i passeleg avstand frå speidarane.
Tid: Fredag 9. mai til sundag 11. mai.
Stad: Stordafjellet
Frammøte: På Sæterbø fredag kl 17.00 (ta av til høgre tvers overfor avkøring til Koløyholmen, RV 545 på vestsida av Stord)
Avslutning: Kl 15.00 sundag, Kraftstasjonen på Lundarstølen
Pris: 100 kroner.
Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar/gode fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hansker, kniv, lommelykt, kniv/gaffel/skei, kopp og tallerk.
Mat: Ta med niste til heile laurdag. Leiarane ordnar varmt måltid fredag kveld + laurdag kveld og heile sundag.
Påmelding: Til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein 90092617 i løpet av onsdag 7. mai
Spørsmål: Ring Helga eller Øystein.