2015 er friluftslivets år. Tysdag 13. januar vert starten av friluftslivets år markert over heile landet.
På Stord vert det ei markering på Lundarstølen, der fleire lag og organisasjonar deltek. 1. Leirvik deltek også og flyttar speidarmøtet til Lundarstølen denne dagen.
Det vert fakkeltog frå Kraftstasjonen til Lundarstølen. Vel framme på Lundarstølen er det fyr i bålpanner, litt aktivitetar og servering av lapskaus. Stord – Fitjar Turlag stiller med faklar.
Me ynskjer små og store speidarar, roverar samt familiemedlemmer velkommen. Ta med kjente, så vert det ei stor markering.
NB: Ikkje vanleg speidarmøte tysdag 13. januar.
Tid: Tysdag 13. januar kl 17.45 til ca kl 20.00
Stad: Lundarstølen kraftstasjon. Frammøte på fjellet.
Pris: Gratis
Utstyr: Tallerk til lapskaus, skei, kaffi/drikke (for dei som vil), Kopp, Lommelykt, Sitteunderlag
Mat: Det vert servet lapskaus
Påmelding: Ingen
Spørsmål: Ring Helga 99292101 eller Øystein 90092617
Kle deg etter været! Me skal vera ute eit par timar.
NB: KUN FOR VANDRARANE:
Nordmenn vert oppfordra til å overnatta ute denne natta. Vandrarane tilbys å overnatta ute og gå direkte på jobb/skule om morgonen. Håpar det er ein del som kan vera med på dette, sjølv om det er midt i veka.
Leiarane kjøper litt mat og tar med eit par telt.
Treng tilbakemelding om kven som vil vera med å overnatta, slik at me veit kor mykje mat og telt som trengs! Påmelding til Øystein eller Helga
Det vert gratis for dei som deltek på overnatting.
Vanleg utstyr og påkledning for overnatting ute i telt. Hugs at det er vinter!