1. Leirvik speidargruppe

Opptaking av speidarar

Kommenter innlegget

Det vert møte med opptaking av nye speidarar, tysdag 10. februar. I haust tok me ikkje opp nokon, så det er mange som står for tur denne dagen. Nye speidarar som byrja etter jul, vert tatt opp seinare.

Denne dagen inviterar me familiane til å vera med oss på opptakingsfest. Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal.

Me markerar også dei som har bytta enhet den seinare tida. Dei avlegg speidarløftet på nytt og får ny enhetsmarkering. Dette gjeld dei som er flytta frå småspeidar til speidar, eller speidar til rover.

Markeringa vert i heishuset på Litlabø.

Det vert litt speidaraktivitetar, kaffipause og opptaking.

Tid:

Tysdag 10. februar, kl 17.30 til 19.30. NB: Tidspunktet gjeld alle (store og små)

Stad:

Heishuset på Litlabø (Gruo)

Pris:

Sjal, merke og knute for dei som skal tas opp kostar 140 kroner. Ta med pengar på arrangementet!

Mat:

Ta med litt kaffi / drikka + kaffimat

Spørsmål:

Ring Helga, tlf 53413179 / 99 29 21 04 eller Øystein 90092617

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s