Dette vert årets avslutningstur før sumarferien, og det vert difor ikkje fleire ordinære møter i år. Hugs at dei som skal vera med til NM må møta på tysdag 07.06 for å pakke utstyr.
I år vert det ikkje leir arrangert av kretsen, men i staden ein knakande kjekk tur til Lier i lag med Bua- og Koppervikspeidarane. Alle er invitert med til denne turen, og her skal me ha det kjekt i lag! Det er lov å ta med litt snop og ei lita brusflaske.
Det er meldt fint vêr til helga, og me satsar på mange kjekke leikar og aktivitetar. Me legg og opp til litt øving for dei som skal til NM. Om ein har ei kjekk leike ein vil ha med seg, som slengtau, ball, strikk, badminton osb. Me får og moglegheit til å låna nokre kanoar. Me vil og gjerne prøva oss på å laga «primitiv mat» for å visa at ein kan klara seg med eit bål når ein er på tur. Ta med uteklede som passar til vêret.
Tid | Fredag 03. juni til sundag 05. juni |
Stad | Kretsens leirplass på Lier, Førde i Sveio |
Frammøte | Ved Naustet fredag 03. juni klokka 17.00 |
Retur | Attende ved Naustet sundag klokka 17.00 Dei som skal vera med og køyra, må vera på Lier ca klokka 16.15 |
Pris | 200 kr. Dette dekjer mat for heile helga |
Utstyr | Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, lubber, hua, toalettsaker, shorts, t-skjorte, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, drikkeflaske, sysaker om du har. Redningsvest |
Køyring | Me treng foreldre som kan vera med å køyra til og frå Lier. Gi beskjed om kva veg du kan køyra, evnt ikkje kan køyra, samt antal passasjerar, ved påmelding |
Påmelding | Me ønsker å veta antal påmelde så nøyaktig som mogleg, så påmelding må sendast til Helga i løpet av onsdag 01.juni |
Spørsmål | Ring Helga på 99292101 |