Turen går denne gongen til den gamle skulen på Hiskjo. Me skal oppleve natur, samhald, matlaging, og andre kjekke ting. Me satsar på å vere ein del ute, så kle dykk etter vêret.
Det er nokre år sidan 1. Leirvik var på Hiskjo sist, så dette blir kjekt!
Alle møter på Naustet kl 17, så køyrer me med dei bilane me treng til Hiskjo.
Tid: Fredag 09. februar til sundag 11. februar.
Stad: Hiskjo skule, Bømlo. (Køyr til Svortland, ta av mot Meling i rundkøyring i sentrum, fortset ca 15 km til Hiskjo)
Frammøte: På parkeringsplassen i Naustvågen (Naustet), fredag 09. februar kl 17.
Avslutning: På Hiskjo sundag kl 16. Tilbake på Naustet ca kl 17.
Pris: 200 kroner, 205 kroner om du betalar med Vipps. Dette på grunn av betalingsgebyret Vipps tar sidan me har bedriftkonto. Vipps: 121341
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, toalettsaker, hua, lommelykt, kniv. Du treng ikkje ta med telefon, leiarane har telefon om det er noko.
Mat: Blir handla inn av leiar. Ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga (99 29 21 01) innan tysdag kl.21.00, 06. februar. Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring til og frå Hiskjo. Gi melding ved påmelding om du kan køyra.
Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01.