1. Leirvik speidargruppe

Hausthike, stifinnarar

Kommenter innlegget

Så er det tid for hausthike for stifinnarane.

Turen går frå Vad, med overnatting ved Hauglandskvedno i gapahuk. Dagen etter går turen til fots oppover Vatnadalen, over til Fjellstova og opp til speidarhytta Sævarbu på fjellet.

Turen er passe lang og passar for alle stifinnarane.

Det er seint på hausten, så godt utstyr er viktig. Det viktigaste, for å halda seg varm gjennom natta, er at alle har ein god varm sovepose (bør væra berekna for nokre minusgrader) og godt liggeunderlag (minst 10 mm tjukt). Dersom du manglar utstyr kan dette lånast gratis hjå «Bua», http://stord.frivilligsentral.no/bua-stord/. Dei har mykje fint turutstyr til låns, gratis er det også!

Det er viktig at alle har med utstyret som står på utstyrslista. Ikkje pakk mykje ekstra utstyr, du må bæra sekken din sjølv. I tillegg må det være plass til litt fellesutstyr, som du får ved oppstart på turen.

Du må ha ein ryggsekk som er stor nok til å ha alt utstyret OPPI. Det kan ikkje henga masse utstyr å dingla i posar utanpå sekken. Dette er veldig ubehagelig i lengda. Dersom du ikkje har sekk, lån ein på Bua!

Det er lurt å pakka sovepose/utstyr/klær i bæreposar/noko som er vanntett, oppi ryggsekken, slik at det held seg tørt. Bruk f.eks ein bossekk til soveposen!

Det er ein del myr i området me skal gå gjennom. Anbefalar å gå i støvlar! Dersom du har godt impregnerte, høge fjellsko, så kan disse kanskje brukast. Lave/vanlege goretex sko er UBRUKELIG, sidan myra nokre plassar er så djup at vatnet går over skoa!

Tid:     Fredag 26. – sundag 28. oktober.

Frammøte: På Vad (siste avkjøring til venstre før du kjem til Fjellgardane (frå Ådlandsvatnet), fredag kl 17.

Avslutning: Ved kraftstasjonen, Lundarstøl, sundag kl 15.

Pris: 150 kr, dette dekkar felles varme måltid, samt litt fellesutstyr.

Utstyr: Sovepose (God og varm), liggeunderlag (helst min 10 mm tjukt), tallerk, kniv/skei/gaffel, kopp, hovudlykt, regnklede, støvlar, varm genser, ekstra stillongs (2 stk), ekstra ullundertrøye (2 stk), 2 ekstra ullsokkepar, vottar/hanskar, hua, kniv, 

Mat: Ta med niste til heile helga. Det er ikkje alltid lika lett å smøra brødskiver i skogen når det regnar! Varmt måltid fredag kveld og laurdag kveld ordnar leiarane.

Påmelding: Innan onsdag 24. oktober til Helga, tlf 99292101.

Spørsmål: Ring Helga 99292101

 

Speidarhelsing

Leiarane

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s