1. Leirvik speidargruppe

Hausttur

Kommenter innlegget

Det vert dagstur for små og store speidarar, roverar og leiarar i 1. Leirvik, sundag 28. oktober.

Turen vert til speidarhytta Sævarbu. Her vert det diverse aktivitetar og litt matlaging på bålpanna.

I speidarhytta treff me også stifinnarane, som har vore på tur heile helga!

Me vert ute heile tida. Ha på deg klær som passar til været! Ta gjerne med litt ekstra klær i sekken, i tilfelle det vert kaldt.

Det er ein del myr i området me skal gå gjennom. Anbefalar å gå i støvlar! Dersom du har godt impregnerte, høge fjellsko, så kan disse kanskje brukast. Lave/vanlege goretex sko er UBRUKELIG, sidan myra nokre plassar er så djup at vatnet går over skoa!

Tid:     Sundag 28. oktober

Stad: Speidarhytta, Sævarbu

Frammøte: Kraftstasjonen, Lundarstølen, kl 10

Avslutning: Kraftstasjonen, Lundarstølen, kl 15

Pris: Gratis  

Utstyr: Litt ekstra klær i sekken i tilfelle det vert kaldt. Vottar/hanskar og hua. Drikkeflaska til vatn. Dei som har, kan ta med kniv.

Mat: Dette ordnar leiarane.

Påmelding: Til Helga innan onsdag 24. oktober på telefon 99 29 21 01

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s