Småspeidar
Me er klar for årets første tur, og den går til fjells her på Stord. Me har ei hytte som heiter Sævarbu, som er utan straum eller innlagt vatn. Som speidarar klarar me oss veldig fint utan.
Me kjem til å overnatte inne, men me skal vere mykje ute, så ta med klede som passar til vêret. Det er vått på fjellet no, så ha med klede som er vanntette!
Det er ca. 2 km å gå frå Kraftstasjonen og opp til hytta, så alt du skal ha med deg må pakkast i ein sekk som du kan bere sjølv. Alle må vere med og bere litt av fellesutstyret, om det trengst. Om du ikkje har ein sekk som er stor nok, kan de sjekke i BUA Stord om dei har ein sekk til låns, eller anna utstyr du manglar.
Tid: Laurdag 8. september til sundag 9. september.
Stad: Sævarbu
Frammøte: Kraftstasjonen laurdag kl. 14.
Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl. 15.
Pris: 100 kroner.
Utstyr: Sovepose, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko (må ha høge sko, slik at ein ikkje blir våt i myra), varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv, drikkeflaske.
Mat: Blir handla inn av leiar. Ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga (99 29 21 01) innan torsdag kl.18.00, 6. september.
Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01.
Stifinnar/vandrar
Me er klar for årets første tur, og den går til fjells her på Stord. Me har ei hytte som heiter Sævarbu, som er utan straum eller innlagt vatn. Som speidarar klarar me oss veldig fint utan.
Me kjem til å overnatte inne frå fredag til laurdag, og ute frå laurdag til sundag. Me skal vere mykje ute, så ta med klede som passar til vêret. Det er vått på fjellet no, så ha med klede som er vanntette!
Det er ca. 2 km å gå frå Kraftstasjonen og opp til hytta, så alt du skal ha med deg må pakkast i ein sekk som du kan bere sjølv. Alle må vere med og bere litt av fellesutstyret. Om du ikkje har ein sekk som er stor nok, kan de sjekke i BUA Stord om dei har ein sekk til låns, eller anna utstyr du manglar.
Tid: Fredag 7. september til sundag 9. september.
Stad: Sævarbu
Frammøte: Kraftstasjonen fredag kl. 16.30.
Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl. 15.
Pris: 100 kroner.
Utstyr: Sovepose, liggjeunderlag, grevling (vanntett trekk til sovepose) kan vere lurt, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko (må ha høge sko, slik at ein ikkje blir våt i myra), varme tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv, drikkeflaske.