St. Georg er speidaranes skytshelgen. Speidarar over heile verda markera kvart år St. Georsdagen, som er 23. april. Dagen vert markert, for å minna oss om at me skal kjempa for ein betre verden.
På St. Georsdagen fornyar speidarane også speidarløftet ein gav, då ein vart teken opp som speidar.
Me i 1. Leirvik skal markera dagen, saman med speidargrupper på Bømlo. Me samlar oss på Nautøyo. Den har fleire fine områder me kan nytta, litt avhengig av kva vær det er.
Dei av foreldre/familie som har lyst til å vera med denne kvelden, er hjarteleg velkomne. Det vert ei samlingstund med litt historiefortellingar, presten på Bømlo vil sei nokre ord, grilling, matstund og høve til å prata med andre.
Me tek med grillmat/saft til speidarane. Vaksne/familie tar med mat/drikka sjølv, då det er vanskeleg å berekna kor mange som kjem.
Tid: Tysdag 23. april
Stad: Nautøy. Parkering/samling : ta til høgre rett før Bømlabrua
Frammøte: Kl 18:00 på parkeringa. Avslutning ca kl 20:00
Pris: Gratis
Mat: Dette tar leiarane med til speidarane. Vaksne/familie tar med sjølv
Påmelding: Ingen
Spørsmål: Kontakt Øystein 90092617