Det vert sesongoppstartstur for roverar og leiarar i 1. Leirvik. Turen går til det gamla skulehuset på Hiskjo.
Planen er at det vert ein tur med kombinasjon av leik og alvor. Me skal bruka noko av tida til å diskutera opplegget for hausten som kjem. Me skal også sjå litt lenger framover. Diskusjon omkring roverarbeid i gruppa står i tillegg på programet.
På laurdagen slår me til med aktivitetar på vannski og tube. Det vert garantert gøy.
Tid: Fredag 9. til laurdag 10. sept.
Stad: Hiskjo, Bømlo
Frammøte: På speidarnaustet i Naustvågen, fredag kl 17.00
Avslutning: Henting på Hiskjo 15.30, laurdag. Tilbake ved Naustet ca 16.30.
Pris: 100 kroner. Dette dekkar all mat og aktivitetar på turen.
Utstyr: Sovepose, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, toalettsaker. REDNINGSVEST.
Mat: Dette inkludert i prisen
Påmelding: Treng tilbakemelding på kven som skal vera med, innan onsdag 7. sept. Kontakt Øystein på mail eller tlf 90 09 26 17.
Me treng kanskje nokon til å køyra. Gi beskjed ved påmelding om du kan køyra til eller henta på Hiskjo.
Spørsmål: Ring Øystein