Det vert Festivalleir på Lier 25.-27. mai. På Festivalleir plar me kose oss, nyte sol, ha ulike leikar og aktivitetar, og eit tema. Årets tema er enda ikkje kunngjort, men me gir beskjed når me veit kva det blir. Gi beskjed til Helga ved påmelding om du eventuelt berre skal ha 1 overnatting.
Tid: Fredag 25. mai til sundag 27. mai.
Stad: Lier i Sveio (Liervegen 145, 5555 Sveio)
Frammøte: Naustet fredag kl. 17.00.
Avslutning: Lier sundag kl. 15.00
Pris: 250 kroner. 255 kroner med Vipps, grunna gebyr. Vipps: 121341
Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, bestikk, fat, kopp, vatnflaske, toalettsaker, klede til å vera ute, sko etter vêret, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv, badeklede og handklede om vêret er med oss.
Mat: Blir handla inn av leiar, ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).
Påmelding: Til Helga (99 29 21 01) innan onsdag kl.18.00, 16. mai.
Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01.