1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Opptaking/grautmøte 28. november

Tysdag 28. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken (ved museet). Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved scenen 17.30 for alle (merk tida!).

Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt.

Dei som skal få speidarsjal og knute denne dagen betalar kr 130.


Kommenter innlegget

Novembertur til Sævarbu

Stifinnarane og småspeidarane skal på tur til speidarhytta vår, Sævarbu. Me skal gå frå kraftstasjonen (ca. 2 km), så pakk i ein god sekk som du kan bera. Ha på gode sko/støvlar og klede.

Tid: Laurdag–sundag 18.–19. november.

Stad: Sævarbu.

Frammøte: Lundsæter kraftstasjon laurdag kl. 12.

Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl. 15.

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, klede til å vera ute, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.

Mat: Leiarane kjøper inn brødmat og middag/kvelds til laurdag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (Maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips.)

Påmelding: Innan torsdag 16. november til Helga (99292101).

Spørsmål: Ring Helga (99292101).


Kommenter innlegget

Hausttur for stifinnarane

Haustturen går til speidarhytta vår, Sævarbu. Me skal gå frå kraftstasjonen, så pakk i ein god sekk som du kan bera. Ha på gode sko/støvlar og klede.

Me har fått 10.000kr av Sparebanken Vest, som me skal bruke til å lage ein gapahuk ved hytta. I det høve treng me litt hjelp av de vaksne til å bere bort materiale.

Foreldre møter kl. 13 på laurdag, Heio parkeringsplass, for å hjelpe å bere bort materialet. Etter at materialet er kome fram, vil det bli noko varmt i koppen, og pannekaker.

Hugs gode sko, då me må over ei myr for å komme bort til hytta. Ein god sekk er òg å anbefale, då posar er vanskeleg å bere.

Tid: Fredag 20. oktober til laurdag 21. oktober.

Stad: Sævarbu

Frammøte: Lundsæter kraftstasjon fredag kl 17.

Avslutning: Heio kl 13, for å hjelpe å bere.

Pris: 100 kroner.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat: Blir handla inn av leiar. Ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).

Påmelding: Til Helga (99 29 21 01) innan torsdag kl.18.00, 19. oktober.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01.


Kommenter innlegget

Hausttur for småspeidarane

Haustturen går til speidarhytta vår, Sævarbu. Både foreldre og småspeidarar møter ved parkeringsplassen på Heio kl 13.00.

Me har fått 10.000kr av Sparebanken Vest, som me skal bruke til å lage ein gapahuk ved hytta. I det høve treng me litt hjelp av de vaksne til å bere bort materiale. Møt på Heio kl 13, for å hjelpe å bere bort materialet. Etter at materialet er kome fram, vil det bli noko varmt i koppen, og pannekaker.

Hugs gode sko, då me må over ei myr for å komme bort til hytta. Ein god sekk er òg å anbefala, då posar er vanskeleg å bere.

Tid: Laurdag 21. oktober til sundag 22. oktober.

Stad: Sævarbu

Frammøte: Parkeringsplassen på Heio laurdag kl 13.

Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl 15.

Pris: 100 kroner.

Utstyr: Sovepose, liggeunderlag, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.

Mat: Blir handla inn av leiar. Ta med litt snop, dersom du har lyst (maks ½ l brus + pittelitt sjokolade eller chips).

Påmelding: Til Helga (99 29 21 01) innan torsdag kl.18.00, 19. oktober.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01.


Kommenter innlegget

Hausttur 2017

Det vert dagstur for alle speidarar i 1. Leirvik, sundag 24. september.

  • Turen vert ved Storavatnet i Sagvåg. Her skal me padla kano, ha diverse aktivitetar, og litt matlaging.
  • Leiarane tar med mat, men ta med eige bestikk og fat, og så er det lurt å ha med ei drikkeflaske med litt vatn eller saft.
  • Me kjem til å vere ute heile tida, så ha på deg gode klede som passar til vêret! Ta gjerne med deg litt ekstra klede i sekken, dersom det vert kaldt. Sitteunderlag kan òg vera kjekt.

Tid: Sundag 24. september kl 11 – kl 15.

Stad: Storavatnet, Sagvåg (Grøntanlegget/Vaskeriplanet)

Frammøte: Ved innkøyringa til motorcrossbanen, Hustrudalen (ved transformatorstasjonen rett ved huvudvegen)

Avslutning: Same som frammøte, kl 15.

Pris: Gratis.

Utstyr: Ein sekk med bestikk, djupt fat, kopp, drikkeflaske, varme klede, sitteunderlag. Kniv kan ein ta med, men må ikkje.

Mat: Blir handla inn av leiar.

Påmelding: Ikkje nødvendig 😊

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01


Kommenter innlegget

Opning av BUA

Tysdag 12. september opnar eit heilt nytt tilbod på Stord. På BUA kan store og små låna sports- og friluftsutstyr heilt gratis. Speidarane er invitert til å vera med på opninga, så me legg småspeidarmøtet hit denne dagen.

https://www.bua.io/bua-stord/

Arrangementet startar kl. 17, men om det passar betre å koma til vanleg tid 17.30, så er det heilt i orden.

 

Tid: Tysdag 12. september kl. 17-19.

Stad: Hamnegata 20 (ved gjestehamna)

 

Stifinnarane og vandrarane har møte på Naustet kl 19 som vanleg.

 


Kommenter innlegget

Oppstart hausten 2017

Første speidarmøtet i haust blir tysdag 29. august på speidarnaustet til vanleg tid:

  • Småspeidarar (3.–5. klasse), 17.30–18.45
  • Stifinnarar (6.–7. klasse), 19.00–20.30
  • Vandrarar (8.–10. klasse), 19.00–20.30

Kalender for resten av hausten kjem så snart me har fått tenkt oss om! Følg med på nettsida eller Facebook.

Naustet

Speidarmøte ved Naustet april 2011.