1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Bretur for roverar og leiarar 5-6-sept.

Hei.

  

 Litt info, som lova på møtet i dag.

  

 I staden for å reisa fredag kveld, så reiser me laurdag formiddag.

 Avreise frå Naustet, laurdag kl 11.00.

  

 Kva tid me er framme i Jondal, er eg ikkje sikker på. Har aldri vært
der. Men me må køyra over Tysnes til  ferja Tørvikbygd – Jondal.

  

 Overnatting vert i telt. Ta med utstyr for å overnatta ute.

 Alt utstyr me treng for breturen er inkludert i breføringsturen. Det
kan vera lurt å ta med ein dagstursekk som du kan ha nista og litt
klær i. Det kan vera kaldt på breen, sjølv om det er tidleg på
hausten. Sikkert lurt å ha med stillongs, ekstra genser, hua og
vottar.

 Dersom du har gode fjellsko med solid såle, er dette ein fordel å ta
med. Ellers så er også sko inkludert.

  

 Pris for turen vert 200 kr pr person.

 Dette dekkar reise, mat og breføring

  

 Det er på sundag me skal på breføring med Folgefonna Breførarlag.

 For at me skal få meir utbytte av turen har eg bestilt 2 breførarar
til oss. Det er ikkje ein fellestur med andre. Då vert det mogeleg å
tilpassa opplegget til oss.

 Meir info: http://www.folgefonni-breforarlag.no/turar/eigen%20breforar.htm

  

 På laurdag kveld må me ha ein skikkeleg middag. Er det nokon som har
ønsker eller forslag?

  

 Øystein

Reklame