1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Kretsleir Voss 2.–9. juli 2011

Her er lappen me delte ut på pakkemøtet i går:

Avreise v/ Albert Olsen, Heiane kl. 07.00.

Utstyr: Sovepose, underlag, regnklede, støvlar, varmt tøy, natt-tøy, shorts, t-skjorter, undertøy, sokkar, toalettsaker, bestikk, kopp, tallerkar, lommelykt, fotoapparat og sjølvsagt speidarskjorte, speidarsjal og kniv. Hugs mygghatt/myggmiddel, solkrem, badetøy. «Uteliggar» til soveposen kan vera lurt å ha.

50 kr dagen er passeleg med lommepengar.

Dei som ikkje har levert helseskjema må hugsa å ta det med. Skjemaet kan lastast ned på kretsleir.no.


Kommenter innlegget

Endeleg påmelding kretsleir 2011 Bømoen, Voss

Send melding/SMS til Helga på 99292101 innan laurdag 14. mai. Endeleg
påmelding er 15. mai.

Dei som har førehandspåmeld seg betalar kr. 1100,-. Dei andre betalar
heile beløpet, kr. 1250,- innan 20. mai til konto 3520.50.45722 (1.
Leirvik speidargruppe).

Speidarhelsing Helga