Gløym ikkje at på speidarmøtet denne veka skal me samla inn pengar til Speidaraksjonen 2011. Alle møter på Leirvik skule tysdag 3. mai kl 17.00. Me held på til 20.00.
Pengane går til Flyktninghjelpens arbeid med utdanning for barn og unge i Liberia.
Author Archives: Gaute Hvoslef Kvalnes
Kretskonkurransen 2011
Kretskonkurransen er i år på Lier i Sveio. Stifinnarane og vandrarane konkurrerer over to dagar, laurdag 9. april til sundag 10. Småspeidarkonkurransen er på sundagen.
Hugs påmelding til speidarmøtet neste veke.
Tur til Hiskjo
Det vert hyttetur til Hiskjo (Bømlo) for småspeidarane og stifinnarane i 1. Leirvik, laurdag 19. – sundag 20. februar.
På sundagen ivitera me foreldra og sysken til å vera med oss på lunsj og opptakingsfest. Opptaking er ein litt høgtideleg seremoni for nye speidarar, der dei avlegg speidarløftet og får utdelt speidarsjal. Sjølv om ein ikkje kan vera med heile helga, håpar me at så mange som mogeleg kan vera med oss pålunsj og opptaking på sundag. Hugs påmelding på lapp innan neste speidarmøte tysdag 15. feb eller, til Helga på tlf 53413179 / 99292101 innan tysdag 15. feb.
Me treng nokon som kan hjelpa oss med køyring ut til Hiskjo laurdag. Gi melding om du kan køyra ved påmelding.
Førehandspåmelding til kretsleir 2011
Sommarens storhending for stifinnarar og vandrarar er kretsleir på Voss 2.–9. juli.
Dette vert ei veke med teltliv og mange kjekke aktivitetar.
Les meir om leiren på www.kretsleir.no.
Oppstart etter nyttår
Me startar året med speidarmøte på Naustet til vanleg tid 10. og 11. januar 2011.
Juletur til Føyno 4.–5. desember 2010
Me avsluttar året med juletur til Aker-hyttene på Føyno.
Oppmøte: Laurdag kl. 12:00 på rasteplassen på Digernes. Me går over brua, så kle godt på deg.
Henting: Sundag kl. 15:00 på Digernes.
Ta med: Sovepose, varme klede, lommelykt.
Pris: Turen kostar 100 kr.
Påmelding: Innan torsdag til Helga (99292101/53413179) eller Gaute (99629244).
Grautmøte, bakemøte og kalendersal november 2010
Grautmøte i Parken (ved museet) 22. og 23. november
Møt til vanleg tid og kle deg for å vera ute.
Bakemøte på Naustet 29. og 30. november (merk tida!)
- Vandrarane møter til vanleg tid måndag 19.00 og held på til 21.00.
- Småspeidarane møter tysdag 17.00 og avsluttar 19.00.
- Stifinnarane møter tysdag 19.00 og held på til 20:30.
Ta med forkle, kjevle og peparkakeformer.
Kalendersal
Speidargruppa vår vil tena litt pengar ved å selja speidarforbundets kalender for 2011. Kvart medlem skal selja éin kalender. Kalenderen kostar 100 kroner.
Me avsluttar med juletur helga 4.–5. desember. Det kjem lappe om turen seinare.
1. Leirvik rundar 50 medlemer
Etter fleire år med stabilt medlemstal på rundt 30, har 1. Leirvik no
50 medlemer. Me gratulerer oss sjølve med flott framgong!
Bilete frå Vatnadalen 2010
Ein knalltøff gjeng småspeidarar og stifinnarar overnatta i Vatnadalen 23.–24. oktober. Det vart reine vinterturen, med snø på bakken og kuldegrader til langt utpå morgonen.
Blåtur for vandrarane
No er det klart for haustens storhending, blåtur! Det vert kjempekjekt for alle. Denne turen vil du ikkje gå glipp av. Meir vil me ikkje fortelja.
Tid:
Fredag 29. oktober – Sundag 31. oktober
Stad: Mange veit like lite som i fjor … Nokon få veit meir!
Frammøte: Jektevik ferjekai fredag kl 17.40
Avslutning:
På speidarnaustet sundag ca kl 15.00
Pris: 300 kroner. Dette dekkar all mat, reise, overnatting +++.
Utstyr: Det er viktig at ALLE har med ALT som står på utstyrslista. Hugs: du veit ikkje kva du får bruk for
Sovepose, liggeunderlag (gjerne av silke), regnklede, støvlar/fjellsko, badeshorts, grilldress, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, handduk, lommelykt, bestikk, hårstrikk, tallerk, kopp, toalettsaker, drikkeflaske, mobiltelefon.
Mat: Dette ordnar leiarane for heile helga. Ta med litt lommepengar (maks 100), dersom du har lyst. Har du med snop, må du dela.
Påmelding:
Til Helga på tlf 53413179/99292101, eller Gaute 99629244 innan onsdag 27.
DET ER VIKTIG AT ALLE MELDER SEG PÅ INNAN FRISTEN; SIDAN DET ER EIN DEL SOM SKAL KOORDINERAST MED DENNE TUREN
Spørsmål:
Ring Helga eller Gaute.




















