1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Hyttetur for småspeidarane

Haustturen går til speidarhytta vår, Sævarbu. Me skal gå frå kraftstasjonen (ca. 2 km), så pakk i ein god sekk som du kan bera. Ha på gode sko/støvlar og klede.

Tid: Laurdag–sundag 19.–20. september

Stad: Sævarbu

Frammøte: Lundsæter kraftstasjon laurdag kl. 12.

Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl. 16.

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, klede til å vera ute, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.

Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til frukost og lunsj sundag (alle må bidra og bera litt). Leiarane kjøper inn middag/kvelds til laurdag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (Maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips.)

Påmelding: Innan torsdag 17. september til Helga (99292101) eller Gaute (99629244).

Spørsmål: Ring Helga (99292101).

Stifinnarane og vandrarane går på haik same helga. Kvar patrulje har sjølv bestemt tid og stad.


Kommenter innlegget

Fisketur laurdag 12. september

På laurdag dreg me på fisketur på Nautøya og fiskar frå land og kanskje frå båt.
Me lagar bål og kosar oss.

Tid: Laurdag 12. september kl. 11.00–16.00.

Stad: Møt på Nautøya, på parkeringsplassen like før Bømlabrua.

Utstyr: Fiskestong/snøre, redningsvest, drikke. Kle deg etter vêret.

Merk: På grunn av turen i helga, blir det fri tysdag 15. september.
Dessutan blir det fri tysdag 22. september, fordi me skal på overnattingstur helga før. Det kjem informasjon om den turen seinare. Følg med på www.leirvikspeidar.com eller Facebook.


Kommenter innlegget

Om kretsleiren

Hugs pakkemøte på Naustet fredag kl. 18.00!

Avreise blir frå Naustet laurdag kl. 8.45.

Me treng nokre fleire foreldre til å køyra til Ænes på laurdag. Meld frå til Helga (992 92 101) om de kan.

Alle som skal på leir må ha med helsekort. Last ned, skriv ut og ta med i lukka konvolutt med namn på. (Leiarane tek vare på helsekorta under leiren.)

Det er framleis nokon som ikkje har betalt leirkontigenten til 1. Leirvik sin bankkonto.

Les meir om leiren på kretsleir.no.


Kommenter innlegget

Avslutningstur til Austevoll

I år tek me avslutningsturen litt før speidaråret eigentleg er slutt. Alle blir med – småspeidarar, stifinnarar og vandrarar. Me reiser til Kalsundholmen, eit friluftsområde ikkje langt frå Husavik ferjekai i  Austevoll.

Hugs at det er fri 2. juni og speidarmøte igjen tysdag 9. juni.

Tid: Fredag-sundag 29.-31. mai.

Stad: Kalsundholmen i Austevoll.

Frammøte: Sandvikvåg ferjekai, fredag kl. 17.45.

Henting: Sandvikvåg, sundag kl. 15.45.

Pris: 200 kr. Dette dekkjer mat og ferje.

Utstyr: Sovepose (god og varm), liggeunderlag, regnklede, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt, bestikk, tallerk, kopp, toalettsaker, flytevest/redningsvest. Badeklede og fiskestang, for dei som vil.

Mat: Dette tek leiarane med. Ta med litt snop, dersom du har lyst.

Påmelding: Til Helga (53413179/99292101) innan torsdag.

Spørsmål: Ring Helga.


Kommenter innlegget

17. mai 2015

1. Leirvik deltek også i år i Flag_of_Norwaymorgontoget 17. mai. Me skal vera oppstilt i flaggborga klokka 07.00. Deretter er det sang og musikk ved Leirvik mannskor og Stord musikklg samt apell for dagen. Deretter går toget til til Osen, opp Borggata, forbi Kyrkja, opp Døso og vidare til sjukehuset. Avslutning ved sjukehuset etter at mannskoret og musikklaget har spela nokre nummer (bak sjukehuset).

Alle møter klokka 06.45. Det er viktig at alle møter, slik at me kan bytta på å bera flagga.

Alle stiller med skjerf. Dei som har skjorte, stiller med skjerf og skjorte.

Me reknar med å avslutta ved sjukehuset ca 08.00, så alle må hentast der.


Kommenter innlegget

Flott innsats i kretskonkurransen

Feiring på Frugård.

Feiring på Frugård.

Me gjorde det godt i kretskonkurransen i helga. Oter sikra seg kretsbanneret igjen med andreplass totalt, best i Ryvarden. Lama tok tredjeplassen. Begge patruljane er difor kvalifiserte til NM i juni.

Rev vann stifinnarkonkurransen. Småspeidarane i Ulv kom på andre plass i sin klasse. Super innsats som vanleg, der altså.


Kommenter innlegget

St. Georgsdag

St. Georgsdag 23. april vert feira av speidarar over heile verda med fornying av speidarløftet.

Dei siste åra har me markert dagen saman med speidarane på Bømlo. I år legg me turen til Føyno og feirar i stranda til Kværners velforeining.

Arrangementet startar kl. 18 på Føyno og er ferdig ca. kl. 20.

Denne dagen er alle familiar velkomne til å vera saman med oss på Føyno.

Me fyrer i grillen, så ta med litt grillmat og drikke.