Tradisjonen tro så holder me eit påskemøte på minigolfbanen siste speidarmøtet før påskeferien
Så neste tysdag møter me ved minigolfen på Prestagardsskogen ved, berre sving av frå Rommetveitvegen. Det vert til vanlege tider, så 17.30 for småspeidarar, og 19.00 for stifinnarar og vandrarar.
Siste møtet før jul blir som vanleg bakemøte. Møt på Naustet med forkle, kjevle (helst stor) og peparkakeformer. Stifinnarar og Vandrarar (6-10 klasse): Måndag 4. desember kl 19-20.30 Småspeidarar (3-5 klasse): Tysdag 5. desember kl 17-18.45
Julatur
Tida går fort, no er det tid for julatur igjen. På julaturen er det litt speidaroppgåver, me riggar til juleverkstad og på kvelden vert det julekoldtbord. Denne turen vektlegg me det sosiale. Me skal overnatta på Akersolution sine hytter på Føyno.
Tid: Fredag 8. – laurdag 9. desember
Stad: Føyno
Frammøte: Føyno, fredag kl 16:30
Avslutning: Føyno, Laurdag kl 15:00
Pris: 150 kr.
Utstyr: Sovepose, toalettsaker, klede til å vera ute, støvlar/fjellsko, varmt tørt skift i sekken, speidarskjorta og sjal (dei som har), ekstra lubber, hua, lommelykt, kniv.
Mat: Blir handla inn av leiarane, Ta med litt snop dersom du har lyst.
Påmelding: Til Kristoffer Spissøy på tlf 95522332, Tysdag 5. desember.
Neste tysdag (21. november) vert noko utanom det vanlege, brannvesenet har vært så greie å sagt ja til omvising, demonstrasjoner og nokre øvingar med speidarane i 1. Leirvik. Og dette gleder me oss sjølvsagt til!
Så denne gongen skal små og store speidarar møte samstundes, me møter kl 17.25 på den store plassen ved Rema 1000 Vabakkjen, og er ferdige ca 19.00-19.15 avhengig av kor mykje brannvesenet har planlagt for oss. NB: Parker bilen ved Rema 1000, ikkje på brannstasjonen!
Du treng ikkje å ta med deg noko særleg spesielt, men ha på deg ein god jakke som du kan ta av ved behov. Det kan være kaldt ute, og me skal nok være litt utenfor stasjonen.
Prøv å komme på eit spørsmål angåande Brann/brannsikkerhet du kan spørje brannvesenet om.
I år var me så heldige å få patrulje Vaskebjørn heilt til NM, men uheldigvis så krasjer den planlagte avsluttningsturen i kalenderen vår med NM arrangementet som skal finne sted i Levanger. Derfor, for å få alle speidarar og leiarar med på eit avslutningsarrangement, så det blir istadanfor eit avslutningsmøte for alle saman tysdag 6. juni!
Det skal bli kos, lek og grilling. Og me har nokre få speidarar som ennå ikkje er tatt opp, så dette skal me fikse. Så me inviterer derfor alle saman; speidarar store og små, roverar, leiarar og føresett til å bli med på det siste speidarmøtet før sommarferien!
NB: Speidarane som skal være med på kretsleir, har eit ‘speidarmøte’ med førebuing av leirutstyr tysdag 20. juni.
Stad: Speidarnaustet
Tid: Tysdag 6. juni kl 17.30-20.00
Utstyr: Klede til å være ute i, eigen drikke og grillmat, eit sitteunderlag kan være lurt, speidarar som har skjorte kan gjerne ha den på.
Me håpar alle har hatt ein flott påskeferie, og at dykk er klare til eit speidarmøte litt utenom det vanlege imorgon. Imorgon skal me i 1. Leirvik gjennomføre speidaraksjonen ved å gå rundt med bøsser. Då skal små og store speidarar ha speidarmøte samstundes til litt andre tider enn vanleg, og me avsluttar sjølvsagt med litt kos og noko godt med dei som deltek!
Så sei ifrå til føresatte, søsken, tantar, onklar, besteforeldre og naboar, me anbefaler å legge av nokre kontantar! Samle inn tomflasker til panting, sel noko du ikkje treng lenger, gjer litt ekstra husarbeid for slekta, alt hjelper!
Tradisjonen tro så holder me eit påskemøte på minigolfbanen siste speidarmøtet før påskeferien🐣
Men i år så var minigolfbanen allereie reservert på tysdagen, og me tenkte at det kanskje blei litt seint å ha speidarmøte til kl 22.. Så då blir det påskemøte på onsdagen istadanfor.
Dette vert på Prestagardsskogen ved minigolfen, berre sving av frå Rommetveitvegen. Det vert til vanlege tider, så 17.30 for småspeidarar, og 19.00 for stifinnarar og vandrarar.
Godt nyttår til speidarar og føresatte! Me ønsker speidarane våre velkommen tilbake til speidarnaustet tysdag 10. januar. Ein Speidar er jo budd til alt i alt slags vér, og me skal være både litt inne og ute. Ha klede etter véret, elles så kan speidarkniven og ei vassflaska være lurt å ha med.