1. Leirvik speidargruppe


Éin kommentar

Tur til Åreiddalen

Til helga vert det tur til Åreiddalen på Bømlo. Her vert det ei overnatting i lavvo, kanopadling og ellers eit variert program.

  • Småspeidarane skal på tur laurdag til sundag.
  • Stifinnarane skal på tur fredag til sundag.
  • Vandrarane går fredag på haik over Siggjo, overnattar der, og er med oss andre i Åreiddalen laurdag til sundag.

Hugs påmelding til Helga på tlf 53413179 / 99 29 21 01, eller Øystein tlf 90092617 innan onsdag 18. september. Me treng tilbakemelding om du skal vera med eller ikkje.

Sjå vedlagde lappar for småspeidar, stifinnar og vandrar:


Kommenter innlegget

Planleggingsmøte / kosetur for roverar / leiarar

Så er det nok ein gang oppstart for ny speidarsesong. Heldigvis møter dei gamle fram samstundes som det strøymer på med nye. I dag var det 17 småspeidarar og 21 stifinnarar/vandrarar som møtte. Då var det i alle fall 3 stifinnarar som var på leirskule.

For å få dette til å gå saman treng me ein god plan.

For å gjera noko kjekt saman tar me planleggingsmøtet på Spyssøy denne gangen. Me samlast ved Naustet førstkomande fredag (06.09.13) kl 18.00 og køyrer felles utover.

Fredag kveld planlegg me hausten og fordeler oppgåver mellom oss, samstundes som me lagar eit godt måltid mat og kosar oss.

Laurdag satsar me på å «herja» litt på sjøen. Eg tar med båten, tuben og nokre våtdraktar. Dersom nokon har eigne våtdraktar, vannski / wakeboard e.l. er det berre å ta det med seg. Dersom nokon har lyst til å fiska, så fiksar me det også.

Avslutning på laurdag rundt kl 13. Dette vert justert etter vær og ynskjer på laurdag.

Ta med deg utstyr for overnatting inne og klær til å vera litt ute. Mat kjøper me inn felles.

Håpar det er mange som kan møta. Håpar spesielt at dei som bur vekke, som me ser skjeldan har lyst til å vera med også. Dersom du ikkje kan delta heile tida, er det allikevel fint om du har tid til å stikka innom ei stund, så me kan treffast.

Ynskjer tilbakemelding om kven som vert med / ikkje vert med innan torsdag, slik at me veit kva me skal handla.

Midlar til denne turen får me frå Frifond, så turen vert gratis.

Speidarhelsing
Øystein


Kommenter innlegget

Preikestolen

Eit par år etter at roverane og leiarane var på Folgefonna i tjukk skodde, var det i dag klart for ei ny, stor naturoppleving i same tradisjonen: Preikestolen i skodde. Like greitt for dei av oss med større og mindre snev av høgdeskrekk.

image

image

Så nær kanten. Godt me ikkje ser kor høgt det eigentleg er ned.

Alle små og store var med. Fin tur!

image

På veg opp.


Kommenter innlegget

Haik

Speidarane har gått ut på haik i dag. Oter i Hommersåk-området, og Lama har ei haikerute langs Jærstrendene. Det blir sikkert flott! Overnatting i gapahuk, og tilbake til leiren i morgon.

image

Oter klare til avmarsj.

image

Lama ved godt mot.

Haugesunds avis var forresten innom og prata med nokre av gutane i Lama.


Kommenter innlegget

Aktiv dag

I dag kom det journalist frå Sunnhordland på besøk. Følg med i lokalavisa!

image

Magnhild frå Sunnhordland intervjuar.

Rogalands avis har oppslag med bilete og intervju.

Dagens aktivitetar er ute hos andre grupper. Lama har vore hos Kvæfjord og spikka seg smøreknivar. Oter spelte volleyball hos Vågsbygd FSK. Etter lunsj skal dei ut att til nokre andre grupper igjen.

image

Veret er ganske fint, men nordavinden er kald.

image


Kommenter innlegget

Informasjon om landsleir

Tårnet Stavanger 2013

Så er det endeleg klart for sommarens store hending, landsleir i Stavanger. Dette har me gledd oss til lenge og endeleg er den her. Dette er siste praktiske info for deltakarane.

Landsleiren er i tidsrommet laurdag 6. – laurdag 13. juli. Opning er laurdag kveld og dei fleste grupper kjem laurdag formiddag. Leiren opnar for innrykk midt på dagen, fredag. For å få ein god start, ynskjer me å reisa ned fredag ettermiddag / kveld og setja opp telt. Så er me klare til lå byggja resten av leiren laurdag morgon.

Me håpar at det er ein del som ynskjer å besøkja oss i løpet av leiren. Den ligg rett ved Madlaleiren i Stavanger. Kom innom, så set me over kaffikjelen. For info, så er speidarane ute på hike, frå tysdag til onsdag formiddag. Torsdag er det tur til Preikestolen på dagen, men me er nok tilbake i kveldinga.

Det er kiosk, kafe og utsalg for speidarsport, så ta med lommepengar. Det vert seld ein del merker og souvenirar på leiren.

 

Avreise: Me møter ved Naustet, fredag 5. juli kl 18. Satsar på å få plass til dei fleste i bilar til leiarar og roverar. Det kan vera at nokre foreldre må hjelpa med køyring. Gi melding om du kan.

Heimreise: Satsar på å ha alt pakka og klart til å forlata leiren, laurdag 13. juli omkring kl 14.00. Kanskje treng me nokre foreldre til å henta oss. Gi melding om du kan.

Utstyr: Vanleg turutstyr: Sovepose, liggeunderlag, regnklede, støvlar, varme tørre skift i sekken, ekstra lubber, hua, kniv, lommelykt, bestikk (kniv, gaffel, skei), tallerk, kopp, toalettsaker, solkrem, shorts.

Det er viktig at ALLE har med seg / pakkar i ein sekk dei kan bære på hike. Hiken er ca 10 km, og speidarane må bære med seg all bagasje dei treng for eit døgn.

Spørsmål: Ring Helga 99 29 21 01 eller Øystein 90 09 26 17. Disse nummer kan også nyttast under leiren, dersom de treng å komma i kontakt med speidarane.

Meir info: Du finn meir informasjon om leiren på nettsida: www.stavanger2013.no

 

Helsekort: Det er viktig at alle fyller ut helsekort og tar det med i ein konvolutt med namn på. Helsekortet finn du her: http://www.stavanger2013.no/articles/view/id/helsekort