1. Leirvik speidargruppe


Kommenter innlegget

Juleturen 2015

Christmas-Tree-300pxAvslutningstur før jul er etterkvart blitt ein tradisjon. Turen går i år til speidarhuset i Sæbøvik på Halsnøy. Der me var for to år sidan, for dei som hugsar det. Sidan me er såpass mange, har me delt turen slik at småspeidarane reiser frå fredag til laurdag, og dei store frå laurdag til sundag.

Det vert sosiale aktivitetar, dagsturar og juleverkstad.

Les meir


Kommenter innlegget

Info om møte i november-desember

Bømlotur laurdag 14. november

Me skal tilbringa dagen ute i lag med speidarane på Bømlo. Me reiser samla med rutebuss frå Leirvik til Svortland. Hugs påmelding innan onsdag! Sidan me er ute laurdag, har me fri tysdagen etterpå.

Tid: Laurdag 14. november.

Stad: Bømlo.

Frammøte: Leirvik bussterminal kl. 09.00.

Avslutning: Leirvik bussterminal kl. 15.42.

Pris: 50 kr.

Utstyr: Klede til å vera ute heile dagen. Tallerk, kopp, bestikk, niste, drikke.

Påmelding: Til Helga (99292101) innan onsdag.

HUGS FRI 17. NOVEMBER!

(Fordi me var på Bømlo på laurdagen.)

Opptaking og grautmøte 24. november

Tysdag 24. november skal me kosa oss med graut og aktivitetar i Vidsteenparken. Denne gongen blir det dessutan høgtideleg opptaking av nye speidarar og speidarar som har gått over frå småspeidarflokken til troppen. Foreldre/føresette og søsken er velkomne til å vera med!

Oppmøte ved inngangen til museet kl. 18.00. Merk tida! Me sluttar av kl. 20.00.

Kle deg for å vera ute, og ta med lommelykt.

Bakemøte 1.-2. desember

Ta med pepperkakeformer, så bakar me på Naustet! Dette tek litt lengre tid og litt meir plass enn eit vanleg speidarmøte, så merk tidene:

Småspeidarar: Tysdag kl. 17-19.

Stifinnarar: Tysdag kl. 19-21.

Vandrarar: Onsdag kl. 19-21.


Kommenter innlegget

Hyttetur for småspeidarane

Haustturen går til speidarhytta vår, Sævarbu. Me skal gå frå kraftstasjonen (ca. 2 km), så pakk i ein god sekk som du kan bera. Ha på gode sko/støvlar og klede.

Tid: Laurdag–sundag 19.–20. september

Stad: Sævarbu

Frammøte: Lundsæter kraftstasjon laurdag kl. 12.

Avslutning: Kraftstasjonen sundag kl. 16.

Pris: 100 kr.

Utstyr: Sovepose, klede til å vera ute, støvlar, varmt tørt skift i sekken, ekstra lubber, hua, hanskar, kniv, lommelykt.

Mat: Ta med deg brødmat og pålegg til frukost og lunsj sundag (alle må bidra og bera litt). Leiarane kjøper inn middag/kvelds til laurdag kveld. Ta med litt snop, dersom du har lyst. (Maks 1⁄2 l brus + pittelitt sjokolade eller chips.)

Påmelding: Innan torsdag 17. september til Helga (99292101) eller Gaute (99629244).

Spørsmål: Ring Helga (99292101).

Stifinnarane og vandrarane går på haik same helga. Kvar patrulje har sjølv bestemt tid og stad.


Kommenter innlegget

Fisketur laurdag 12. september

På laurdag dreg me på fisketur på Nautøya og fiskar frå land og kanskje frå båt.
Me lagar bål og kosar oss.

Tid: Laurdag 12. september kl. 11.00–16.00.

Stad: Møt på Nautøya, på parkeringsplassen like før Bømlabrua.

Utstyr: Fiskestong/snøre, redningsvest, drikke. Kle deg etter vêret.

Merk: På grunn av turen i helga, blir det fri tysdag 15. september.
Dessutan blir det fri tysdag 22. september, fordi me skal på overnattingstur helga før. Det kjem informasjon om den turen seinare. Følg med på www.leirvikspeidar.com eller Facebook.


Kommenter innlegget

Om kretsleiren

Hugs pakkemøte på Naustet fredag kl. 18.00!

Avreise blir frå Naustet laurdag kl. 8.45.

Me treng nokre fleire foreldre til å køyra til Ænes på laurdag. Meld frå til Helga (992 92 101) om de kan.

Alle som skal på leir må ha med helsekort. Last ned, skriv ut og ta med i lukka konvolutt med namn på. (Leiarane tek vare på helsekorta under leiren.)

Det er framleis nokon som ikkje har betalt leirkontigenten til 1. Leirvik sin bankkonto.

Les meir om leiren på kretsleir.no.